Kystpartiet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kystpartiet | ||
Partileiar: | Roy Waage | |
Oppretta: | 1999 | |
Ideologi: | Sentrumsnær konservatisme | |
Farge: | Grøn og svart | |
Hovudkontor: | - - Oslo |
|
Epost: | post@kystpartiet.no | |
Nettstad: | www.kystpartiet.no/ | |
Ungdomsorganisasjon: | - | |
Partiavis: | - | |
Internasjonal tilknyting: | - | |
Europeisk tilknyting: | - | |
Ordførarar: 3 | ||
Kommunestyrerepresentantar: 47 | ||
Fylkestingsrepresentantar: 4 | ||
Stortingsrepresentantar: 0 | ||
Medlemstal: ? | ||
Kystpartiet er eit verdikonservativt sentrumsparti. Partiet vart formelt skipa den 1. februar 1999 under leiing av Steinar Bastesen. Han hadde då, sidan stortingsvalet i 1997 sete på Stortinget for Tverrpolitisk Folkevalgte, som var ein laust organisert forgjengar for Kystpartiet. Bastesen vart attvald i 2001, men partiet fekk ikkje inn nokon stortingsrepresentantar i 2005. Roy Waage fulgte Steinar Bastesen som partileiar etter sterk kritikk innad i partiet.
Kystpartiet vart tufta på grunnlag av misnøye med måten Stortinget handlar med EU på.
Kystpartiet har ordføraren (Thor Tøllefsen) og er største parti i Karlsøy kommune i Troms. Tøllefsen var òg partiet sin førstekandidat under stortingsvalet 2005. Paul Rånes er ordførar for KP i Røst og Roy Waage er ordførar i Skjervøy, etter at han og kommunestyregruppa melde overgang frå Kristeleg Folkeparti.
[endre] Stortingsvalshistorikk
Årstal | Prosent av stemmene |
---|---|
2001 | 1,7% |
2005 | 0,8% |
Kystpartiet har hovudvekta av støtta si i Nordland og Troms. Ved stortingsvalet 2001 fekk partiet 14 042 stemmer, eller 10,9%, i Nordland, noko som innebar eitt mandat på tinget. 8 124 stemmar, eller 10,0% i Troms same året var akkurat for lite. Ved stortingsvalet 2005 gjekk partiet kraftig tilbake i Nordland og fekk bare 4 155 stemmar, eller 3,1%. Partiet mista derfor mandatet sitt. Sjølv om tilbakegangen var mindre i Troms, 7 218 stemmar, eller 8,6%, haldt det heller ikkje denne gongen til mandat frå fylket.
Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over samfunnsspirer. |