Steinsdalsfossen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steinsdalsfossen (eigentleg kalla Øvsthusfossen eller Øfsthusfossen) ligg 2 kilometer vest for Norheimsund i Kvam herad i Hardanger.
Fossen er ein av dei mest vitja i Noreg og er spesiell fordi det går ein sti bak han du kan gå tørrskodd på. Fossen har eit fall på 50 meter og rimeleg god vassføring, særleg under snøsmeltinga i mai og juni.
Steinsdalsfossen er ein del av Fosselva som har sitt utspring frå Myklavatn som ligg 814 moh.
På verdsutstillinga i Hannover i år 2000 var Noreg representert med ein installasjon av Marianne Heske der ein stilisert kopi av Steinsdalsfossen var ein viktig del. Denne "fossen" var 15 meter høg.