Foss
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Foss eller eit vassfall er ein del av eit vassdrag der vatnet renn meir eller mindre i fritt fall. I ein foss vert det danna små vassdråpar og bobler som reflekterer lys slik at vatnet ser kvitt ut. Energien til det rennande vatnet i ein foss vert kalla fossekraft, eller vasskraft. Energien kan verta nytta til å produsera elektrisitet i eit vasskraftverk.
[endre] Kjende fossar i Noreg
- Brudesløret i Stranda kommune på Møre
- Dei Sju Systrene i Stranda kommune på Møre
- Låtefossen i Odda kommune
- Mardalsfossen i Nesset kommune i Romsdal
- Målselvfossen i Målselv kommune
- Vettisfossen i Årdal kommune
- Vøringsfossen i Eidfjord kommune
- Aurstaupet i Eikesdalen, Nesset kommune
- Breidfossa i Arnafjorden, Vik kommune i Sogn
- Breimegå i Eikesdalen, Nesset kommune
- Steinsdalsfossen i Kvam herad
- Furebergsfossen i Kvinnherad kommune
- Kjosfossen i Aurland kommune
- Langfoss i Etne kommune
- Nyastølfossen i Ullensvang kommune
- Svøufallet i Sunndal kommune
- Vallestadfossen i Gaular kommune
[endre] Kjende fossar i andre land
- Niagarafalla
- Victoriafalla
- Salto Angel