Hannover
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hannover er ein by i Nord-Tyskland ved elva Leine. Han er hovudstaden i den tyske delstaten Niedersachsen, og styrar òg den mindre Hannover-regionen som ligg rundt. Byen har eit folketal på 517 000 (31.12.2002).
Hannover er ein kjend messeby. Kvar sommar huser han verdas største datamesse, CeBIT, og industrimessa Hannover Messe. I 2000 var Hannover vert for verdsudstillinga Expo 2000. I 2006 skal fleire fotballkampar for verdsmeisterskapet i denne idretten føregår her.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Hannover var opphavleg ein landsby av fiskarar og ferjemenn. Han vaks til ein by i mellomalderen, då ein mellom anna byggde bymuren og fleire kyrkjer.
Greven av Braunschweig flytta til byen i 1636, og grevskapet hans vart sidan kalla Hannover. Denne adelsslekta skulle seinare få innpass i det britiske kongehuset. I fem generasjonar var den britiske monarken òg regent av Hannover. Då Victoria overtok trona i Storbritannia gjekk kongedømet Hannover over til den næraste mannlige arvingen.
Hannover vart annektert av Preussen i 1866. Byen fortsette å veksa, men vart som så mange andre tyske byar svært øydelagd av bombeåtak under den andre verdskrigen. På grunn av dette har Hannover også mange moderne bygg.
[endre] Industri
Niedersachsen er eit viktig industriområde, og i Hannover ligg fabrikkane til mellom anna Volkswagen og Mercedes-Benz. På 1800-talet blei industrikonsernet Hanomag ein viktig industri i byen. Konsernet vart kjøpt opp av Mercedes-Benz på 1960-talet.
[endre] Anna
- Rockegruppene Scorpions og Fury in the Slaughterhouse kjem frå denne byen