Sulevatnet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sulevatnet | |
---|---|
Stadsetting | Vang (Oppland); Hemsedal (Buskerud); Lærdal (Sogn og Fjordane) |
Areal | 2,93 km² |
Høgde | 1420 m |
Omkrins | 14,06 km |
Djup | |
Volum | |
Geo. koord. | 61°4′50″ N 8°14′1″ E |
UTM-koord. | 32V 458658 6771989 |
Kjelde | NVE |
Sulevatnet er eit vatn som ligg mellom toppane Sulefjellet, Høgeloft og Skoddetinden i området Filefjell. Vatnet ligg på grensa mellom Vang kommune i Oppland, Hemsedal kommune i Buskerud og Lærdal kommune i Sogn og Fjordane.
Nordvest for Sulevatnet ligg Sulefjellet og Suletinden, på nordsida av desse ligg Øvre og Nedre Sulevatnet og Tyskertjerni, og noe lengre nord Tyinkrysset. Sørvest for Sulevatnet har ein Høgeloftet. I søraust går dalføret Kljådalen nedover mot Hemsedal, og i aust og ned ei bratt li ligg Grønndalsbottvatnet og Fossegrov. På aust- og nordsida av Sulevatnet finn ein Skoddetinden og Storeknippa.
Sulevatnet har utløp mot Steintjerni inn i Lærdal kommune og videre nedover mot Oddedalen og mot Maristova nede i Lærdal.
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |