Tåkeskog
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tåkeskog er ein biotop dominert av tett skog i fuktige, tropiske og høgtliggande område, typisk mellom 2000 og 3000 moh. Det meste av denne biotypen finst i Asia, resten er delt på Latin-Amerika med 25% og Afrika med 15%.
I dag går areala attende grunna klimaendringar, aktivitetar i samband med vegbygging og skoghogst, og vekst i landbruksareal. Attendegongen gjer mange forskarar uroa fordi områda er kjelde for reint vatn til mange millionar menneske og fordi biotypen held eit rikt genetisk mangfald. Eit døme på ein art som har funne sin biotop i tåkeskogen er den afrikanske gorillaen. Guatemala sitt nasjonalsymbol, praktquetzalen, er eit anna døme.
[endre] Kjelde
Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over biologispirer. |