Costa Rica
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: ¡Pura vida! («Reint liv!», brukt på folkemunne) | |||||
![]() |
|||||
Offisielle språk | Spansk | ||||
Hovudstad | San José | ||||
Styresett |
Republikk Óscar Arias |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
51 100 km² (129.) 0,7 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (2000) - Tettleik |
4 016 173 (121.) 3 810 179[1] 79/km² (91.) |
||||
Sjølvstende Frå Spania |
15. september 1821 | ||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
44 579 mill. USD (79.) 10 316 USD (63.) |
||||
Valuta | Colón (CRC) | ||||
Tidssone | UTC -6 | ||||
Nasjonalsong | Noble patria, tu hermosa bandera | ||||
Nasjonaldag | 15. september | ||||
Internasjonal telefonkode | +506 | ||||
Nasjonale toppdomene | .cr | ||||
Costa Rica er ein republikk i Mellom-Amerika. Landet grensar til Nicaragua i nord og Panama i sør. Landet har kystline mot Atlanterhavet i aust og Stillehavet i vest.
[endre] Historie
Spania tok kontroll over området på 1600-tallet som den sørlegaste provinsen i Nye Spania. Etter å ha vore ein del av det Mexikanske imperium i kort tid vart Costa Rica ein stat i Den sentralamerikanske føderasjonen i perioden 1823 til 1839. Frå 1840-talet vart Costa Rica ein uavhengig stat.
Sidan 1800-talet har det bare vore to periodar med ustabilitet i landet. Den fyrste var i 1917 til 1919 då Federico Tinoco herska som diktator. Den andre var i 1948 då ein 44-dagars borgarkrig braut ut som fylgje av eit omstridt presidentval. Hæren vart oppløyst i 1949. Costa Rica er eit av dei få demokratiske landa i verda utan militærvesen.
[endre] Klima
Costa Rica er fullt av mikoklima, eller lokale klimavariasjonar. Kombinasjonen av ujamne kystlinjer, store havområde på kvar side av landet og ein svært variert topografi fører til mange forskjellige lokale vind- og regnmønster, som er nesten umoglege å oppsummere. Temperaturen litt opp i høgda, som i San José, er behagleg, men med litt kjølege netter om vinteren. Dei lågareliggande områda er varmare og med høgare luftfukt. Temperaturane er som regel høgare på vestsida av landet enn på austsida, og kjem stundom over 35 ºC på våren i område som Guanacaste og Puntarenas. Andre område, som Generaldalen, er tørrare enn andre, sjølv om «tørr» er eit relativ omgrep i dette ganske så våte landet. Regnbygene kjem ofte mellom mai og tidleg november. Canicula er derimot ein periode på nokre veker ein gong i juli og august, då det kjem lite nedbør. I fjellsidene mot Stillehavet og på kysten av Karibia, gjer regnet seg i september og oktober, før det aukar på igjen i januar eller seinare. Nesten alle månadane får ein del nedbør nær Karibia, men mykje av det kjem på natta. Det er tørt nesten alle andre stader frå februar til april med meir sol enn om sommaren.
Mellom-Amerika og Karibia |
---|
Antigua og Barbuda | Bahamas | Barbados | Belize | Costa Rica | Cuba | Dominica | Den dominikanske republikken | El Salvador | Grenada | Guatemala | Haiti | Honduras | Jamaica | Mexico | Nicaragua | Panama | Saint Kitts og Nevis | Saint Lucia | Saint Vincent og Grenadinane | Trinidad og Tobago |
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |