Termometer
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit termometer er eit instrument for å måla temperatur.
[endre] Ulike måleprinsipp
- Måling ved utviding av faste og flytande stoff:
- Kvikksølvtermometer: Den enklaste typen av termometer er tynne glasrøyr med ei bobla nedst. I bobla er det kvikksølv. Når temperaturen går opp, utvidar kvikksølvet seg, og stig oppover røyret. Ein kan då lesa av temperaturen ved å måla kor langt opp kvikksølvet kjem. Denne typen av termometer har vore vanleg for hushaldningar å bruka til å måla utetemperatur og kroppstemperatur med. No er kvikksølv-termometera stort sett utkonkurrerte av elektroniske løysingar. Kvikksølvtermometer er forbodne i Noreg på grunn av dei farlege eigenskapane til kvikksølv.
- Eit bimetalltermometer er to ulike metall som er valsa saman. Når dei vert varma opp, uvidar ikkje metalla seg like mykje, så bimetallet vil bøya seg. Dette kan ein lesa av på ein skala eller måla på andre måtar.
- Fylte termometer:
- Bourdonrøyr er eit tynt, væskefylt røyr som ligg i ein spiral. Når det vert varmt og væska utvidar seg, vil spiralen prøva å retta seg ut.
- Gassfylte termometer baserar seg på trykkendring. Trykkendringa er proporsjonal med varmeendringa.
- Dampspenningstermometer
- Termoelement eller Termo-couple er to ulike metall som induserar ei spenning når dei vert kopla saman. Spenninga er avhengig av varme, så ein kan rekna ut temperaturen ut frå spenninga som vert indusert.
- Motstandstermometer baserar seg på endringa ein får i den spesifikke motstanden når eit metall vert oppvarma. Ved å måla motstanden gjennom elementet, kan ein finna ut kor varmt elementet er.
- Eit Pt100-element er eit motstandstermometer laga av platina. Bokstavane Pt står for platina. Talet 100 markerar at motstanden er 100 ohm ved 0°C.
- Måling ved hjelp av elektromagnetisk stråling:
- Strålingspyrometer
- Andre målemetodar:
- Akustisk termometer
- Kvartstermometer
[endre] Temperaturvakt
Ein termostat er ei temperaturvakt, eit instrument som gjev eit signal når temperaturen går over eller under fastsette grenser. Termostaten kan vera sett saman av eit temperaturelement og eit relé eller ein brytar eller ein brukar ein halvleiar-komponent og måler elektronisk. Termostatar er vanlege å bruka i svært mange apparat med varmeelement, som komfyrar, varmeomnar osb.
Temperaturvakter kan òg vera integrerte elektronisk i ein måleomformar, ein PLS e.l.
[endre] Kjelder
- Bjørnar Larsen. Industriell måleteknikk for automatikarfaget. Noreg 1996: Vett & Viten AS. ISBN 82-412-0223-7