Troodos
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Troodos er den største fjellkjeda på Kypros, og ligg midt på øya. Den høgaste toppen i Troodos er Olympos på 1 952 meter.
Troodos strekk seg langs det meste av vestesida av Kypros, og er eit område for turgåing mellom furuskog om sommaren og skigåing om vinteren. Det finns fleire feriestader i fjella, bysantinske kloster og kyrkjer på fjelltoppane, og naturskjønne fjellandsbyar i dalane. Det ligg ni kyrkjer i Troodos som er på UNESCO si verdsarvliste. Det mest kjende klosteret er Kykkos kloster.
Området har vore kjend sidan antikken for gruvene sine, og i den bysantinske perioden vart det eit stort senter for bysantinsk kunst, då kyrkjene og klostera vart bygd i fjella, bort frå den truga kysten.
Nokre landsbyar i Troodos er
- Louvaras
- Palaichori
- Kourdhali
- Pelendri
- Galata
- Kalopanayiotis
- Moutoullas
- Pedhoulas
- Omodhos
- Phini
- Koilani
- Agros
- Kakopetria
- Prodromos
- Marathassadalen
- Monte Korfi
- Geografiske koordinatar