Vinter-OL 2018
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vinter-OL 2018 vil bli dei 23. olympiske vinterleikane. Den internasjonale olympiske komiteen vil kunngjera arrangøren sommaren 2011.
Innhaldsliste |
[endre] Moglege søkjarland
[endre] Noreg
I Noreg var det tre arrangørar som konkurrerte om å bli den norske søkjarkandidaten. Desse var Trondheim, Tromsø og Oslo(/Lillehammer). 30. mars 2007 vedtok Idrettsstyret ved Noregs Idrettsforbund og Olympiske Komité at Tromsø skulle bli Noregs kandidat.
Røystinga gjekk føre seg i 2 rundar. I første runde fekk Tromsø seks røyster, Oslo fem røyster og Trondheim ei røyst. I andre runde var Trondheim utelukka og Tromsø vann med sju røyster mot Oslo/Lillehammer sine seks røyster etter at idrettspresident Odd-Roar Thorsen hadde bruka dobbeltrøysta si og avgjort det heile.
[endre] Europa
I Polen er Zakopane med Kraków og Sanok med Ustrzyki Dolne og Zagórze kandidatar. Zakopane var ein av kandidatane til OL i 2006. I Liechtenstein er Vaduz ein kandidat. I Sverige er Østersund/Åre og Falun kandidatar. I Spania er Jaca ein kandidat. I Kasakhstan er Almaty ein kandidat. I Bulgaria er Sofia ein kandidat. I Georgia er Borjomi ein kandidat. I Serbia er Stara Planina ein kandidat.
[endre] Andre verdsdelar
I Tyrkia er Bursa ein kandidat; i Chile er Santiago ein kandidat; i Libanon er Bsharri ein kandidat.
[endre] På verdsveven
Tromsø 2018
Søkjerbyane Oslo og Lillehammer si heimeside
Trondheim 2018
Bursa 2018 (berre på tyrkisk)
- Mal:CHL Santiago 2018 (engelsk)
Olympiske leikar (OL) | ![]() |
---|---|
Olympiske sommarleikar: 1896 | 1900 | 1904 | 1906 | 1908 | 1912 | 1916 | 1920 | 1924 | 1928 | 1932 | 1936 | 1940 | 1944 | 1948 | 1952 | 1956 | 1960 | 1964 | 1968 | 1972 | 1976 | 1980 | 1984 | 1988 | 1992 | 1996 | 2000 | 2004 | 2008 | 2012 | 2016
|