Walther Rathenau
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Walther Rathenau (29. september 1867–24. juni 1922) var ein tysk industrimann og liberal politikar. Han var tysk attreisingsminister og seinare utanriksminister fram til han vart skoten i eit politisk attentat i 1922.
[endre] Biografi
Rathenau vart fødd i Berlin som son av Emil Rathenau, ein framståande jødisk forretningsmann og grunnleggjar av Allgemeine Elektricitäts-Gesellschaft (AEG). Han studerte fysikk, kjemi og filosofi ved Humboldt-Universität zu Berlin og i Strassburg, og arbeida som ingeniør før han vart medlem av styret i bedriften til faren. Walther Rathenau var blitt ein leiande industrimann i keisarrikets seine år og den tidlege Weimarrepublikken. Man reknar med at Rathenau er modellen for figuren «Arnheim», som skal symbolisere den tyske industrileiaren, i Robert Musils roman Der Mann ohne Eigenschaften.
Rathenau var ein av dei leiande tyske jødane som talte for at jødane måtte assimilere seg. Han hevda at jøder burde gå imot både sionisme og sosialisme, og istaden freiste integrere seg i det vanlege tyske samfunnet. Som sefardisk jøde følte han seg òg overlegen østjødane, og uttalte si misnøye over «invasjonen av asiatiske hordar».
Under fyrste verdskrigen arbeida Rathenau i krigsministeriet med å skaffe råvarar, og vart i tillegg styreleiar for AEG då faren døydde i 1915. Han spilte ein viktig rolle i å få Tysklands økonomi i krigstakt, og gjorde en uvurderleg innsats for at landet kunne fortsette krigen til tross for akutt mangel på arbeidskraft og råvarar.
Etter krigen vart den politisk moderat liberale Rathenau ein av grunnleggjarane av Det tyske demokratiske parti, DDP. Han tok avstand fra bølgja av sosialistiske ideer som strømma gjennom landet etter sjokket ved nederlaget og den etterfylgjande revolusjonen.
I 1921 vart Rathenau utnemnde til attoppbyggingsminister, og i 1922 vart han Tysklands utanriksminister. Hans insistering på at Tyskland skulle oppfylle vilkåra i Versaillestraktaten mens man arbeida for ein revisjon av dei gjorde tyske nasjonalistar rasande. Han provoserte òg nasjonalistene ved å forhandle om Rapalloavtalen med Sovjetunionen.
Den britiske politikaren Robert Boothby skreiv om Rathenau: «Han var noko berre ein tysk jøde kan vere på ein gong: ein profet, ein mystikar, ein forfattar, ein statsmann, ein industrimagnat av den høgste og største klasse, og ein pionér for det som no har blitt kjent som 'industriell rasjonalisering'».
Sjølv om Rathenau argumenterte for økonomisk og politisk samarbeid mellom Tyskland og Sovjetunionen, vart han verande sterkt kritisk til Sovjetunions regime og deira metodar.
Den 24. juni 1922 vart Rathenau myrda av to høgreorienterte offiserar med tilknytting til Organisation Consul i eit attentat. Eit minnesmerke i Berlin-Grünewald minner om brotsverket. Den eine av attentatmennene var den framtidige forfatteren Ernst von Salomon.
Walther Rathenau var Edvard Munchs store mesén i Berlin, og bidreg her til hans gjenombrot. Eit Munch-portrett av Rathenau er ein del av den faste samlinga på Märkisches Museum i Berlin-Mitte.
[endre] Verk
- 1908 Reflektionen
- 1912 Zur Kritik der Zeit
- 1913 Zur Mechanik des Geistes
- 1917 Von kommenden Dingen
- 1918 An Deutschlands Jugend
- 1919 Die neue Gesellschaft
- 1919 Der neue Staat
- 1919 Der Kaiser
- 1919 Kritik der dreifachen Revolution
- Gesammelte Schriften in 6 Bänden
- 1924 Gesammelte Reden
- 1926 Briefe, 2 Bände
- 1927 Neue Briefe
- 1929 Politische Briefe
[endre] Bakgrunnsstoff
- Harry Graf Kessler: Walther Rathenau, 1928.
- D. Felix: Walther Rathenau and the Weimar Republic. The Politics of Reparations, 1971.
- Ernst Schulin: Walther Rathenau, 1979.
- Ernst von Salomon: Der Fragebogen, 1951
- Walther Rathenau Gesellschaft e.V.
- Deutsches Historisches Museum: Biografi
- Bericht zur Ermordung Rathenaus
- Tale av rikspresident Friedrich Ebert ved Rathenaus gravlegging
Føregjengar: Joseph Wirth |
Tysklands utanriksminister |
Etterfylgjar: Joseph Wirth |