Brukardiskusjon:Zalofigth
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
[endre] Velkomen
Hei og velkomen til Nynorsk Wikipedia, Zalofight! Eg føreslår at du tek ein kikk på stilmanualen vår for å sjå korleis artiklar bør setjast opp og korleis du enkelt kan formatere tekst. Du kan finne ei grei innføring til korleis Wikipedia fungerer her. Dersom du lurer på noko er det berre å spørje!Anders 02:24, 15 november 2006 (CET)
Hei & Velkommen hit frå meg òg! :-) Her er det berre å fleske til med sakkunnskap og skriveglede. Eit område der vi er temmeleg svake hittil er kristendommen — håpar du kan hjelpe til med å få mange gode artiklar der. I den samanhengen er det sjølvsagt viktig å hugse på at vi som generelt oppslagsverk skal vera livssynsnøytrale (og alltid skildrande heller enn forkynnande) så mykje det let seg gjera. Ein ting eller to om korleis vi brukar å gjera det med livssynsartiklar her kan nok plukkast opp frå emne som er meir utbygde, slik som islam, jødedommen, sikhismen, hinduismen osv. -- Olve 03:34, 15 november 2006 (CET)
Klart eg må vere skildrande. Det er då eit leksika og ikkje ei andaktsbok :-)
[endre] Den heilage ande
Du har skrive om artikkelen om Anden slik at han er god. Flott! Men eg stussa på ein ting, men det skyldast kanskje mangel på vit hos meg: Er det rett at Bibelen er eitt av tre nådemiddel? Vedkjenningsskrifta eg kjenner nemner kyrkja, men ikkje Bibelen. Ein annan ting er at kyrkja til tider har misbrukt Bibelen, og at bibelkunnskap difor har vore frigjerande for folk. Då eg skreiv på artikkelen om dåpen, tenkte eg på å skrive noko om andens dåp, men det vart lite, sidan eg ikkje kjenner til det. Du kan kanskje fylle ut noko? Knut 21:47, 11 januar 2007 (CET)
-
- Heisann! Joda, Bibelen er nok ein av tre nådemiddel, i alle fall etter den lutherske dogmatikken (truslæra); (Kjelde, Arne Redse, Mennesket i Guds verden, 1999, s 214). Eg trur ikkje dette er presisert i vedkjenningsskriftene, utan at eg skal sei det for sikkert. Luther (og hans menn) holdt Bibelen høgt og peikte på teologi i den katolske kyrkja som ikkje var støtta i Bibelen og kallas det feil/vranglære (f. eks. i Confessio Augustana XXI). I etterskriftet til CA blir det sagt at ein kan, dersom ynskjeleg, gje ein bedtre utreiing i samsvar med skriftene.
-
- Du seier: Ein annan ting er at kyrkja til tider har misbrukt Bibelen, og at bibelkunnskap difor har vore frigjerande for folk. Eg skjønnar ikkje kvifor dette har relevans til Den heilage ande, kan du utdjupe det litt?
-
- Eg skal sjå om eg får skrive litt om åndsdåp, me får sjå kva eg får tid til :-) --Zalofigth 18:37, 12 januar 2007 (CET)
-
- Spennande diskusjon du drog i gang på Brukardiskusjon:Eilev G. Myhren. Eg flytta han over til Diskusjon:Den heilage ande. Og skreiv ein kommentar.... - Knut 11:27, 31 mars 2007 (CEST)