Årdal i Ryfylke
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
Årdal er ein tettstad og tidlegare kommune i Rogaland fylke. Årdal var frå 1837 del av Hjelmeland formannskapsdistrikt, men vart skild ut som eigen kommune i 1859.
Ein del av Årdal med 40 innbyggjarar vart overført til Hjelmeland og Fister kommune ved kongeleg resolusjon av 6. mars 1869.
1. januar 1965 vart det meste av Årdal og Fister kommunar, Hjelmeland kommune og Buergardane i Jelsa (8 innb) slegne saman til den nye Hjelmeland kommune. Den delen av Årdal som gjekk inn i Hjelmeland hadde 743 innbyggjarar. Sunngardane krins i Årdal med 121 innbyggjarar vart på same tid slegen saman med Strand kommune.
Handlinga i romanen Krinsereglane (Samlaget 1995)av Edmund Austigard går føre seg i Ryfylke med Årdal som dreiepunkt. Romanen tar utgongspunkt i dei omveltingane som skjer i området når det tradisjonelle samfunnet møter det industrialiserte samfunnet.
[endre] Sjå òg
- Årdal - om namnet Årdal og andre stadar som heiter Årdal
Namnet Årdal kjem av Åirdal - der åir betyr fleire åar.