Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- ABM er ei militær forkorting som står for det engelske uttrykkjet anti-ballistic missile. På norsk vert det rakettvernmissil. Dette er eit system der ein nyttar små rakettar til å skyte ned større, angripande rakettar. Ofte vert det integrerte varslingssystemet for innkomande rakettar rekna inn under dette uttrykkjet. ABM er ein grunnleggjande komponent i rakettvernskjoldet som USA held på å byggje ut.
- ABM er òg ei forkorting for Arkiv, Bibliotek og Museum. I Noreg er det oppretta eit eige statleg direktorat med namnet ABM-utvikling - Statens senter for arkiv, bibliotek og museum. ABM-utvikling skal mellom anna fremja samarbeid mellom sektorane.
[endre] På verdsveven