Alf Sommerfelt
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alf Sommerfelt (1892-1965), var ein norsk språkforskar, den første professoren i allmenn lingvistikk i Noreg, ved Universitetet i Oslo frå 1931 til 1962.
Sommerfelt var sentral i å innføre strukturalismen til Noreg. Han hadde studert i Paris, og heldt forelesingar over Saussure, glossematikk, pragskolen og amerikansk strukturalisme. Nordistane ved dei nordiske institutta hadde lite til overs for denne innfallsvinkelen, og det var lite kontakt mellom strukturalistane og nordistane til innpå 1960-talet.
I lag med slavisten Olaf Broch grunnla Sommerfelt Norsk forening for sprogvidenskap i 1924, denne foreininga kom i eit par år framover til å spele ei viktig rolle for å introdusere nye lingvistiske teoriar til Noreg.
Sommerfelt skreiv fleire populære innføringsverk i språkvitskap. Han skreiv også innføringsboka i allmenn språkvitskap (1947), ei lærebok som vart lesen av alle språkstudentane på universitetet, og trykt opp att ti år seinare. Sommerfelt var også ein av redaktørane attom Norsk riksmålsordbog.
[endre] Bibliografi (utval)
- Sommerfelt, Alf 1921: Le Breton parle a Saint-Pol-de-Leon : Phonetique et morphologie
- Sommerfelt, Alf 1922: The dialect of Torr Co. Donegal. Videnskapsselskapets skrifter II. Hist.-filos. kl. 1-2
- Sommerfelt, Alf Hvordan sproget blir til : en oversikt over sprogets rolle i samfundene Oslo : Cappelens forlag.
- Sommerfelt, Alf 1947: Almen språkvitenskap : (det propedeutiske kursus).
[endre] Kjelde
- Hovdhaugen, Even, Fred Karlsson, Carol Henriksen and Bengt Sigurd: The History of Linguistics in the Nordic Countries. Helsinki: Societas Scientiarum Fennica.