Andøya flystasjon
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andøya flystasjon er ein militærbase for luftforsvaret som ligg på Andenes i Andøy kommune i Nordland fylke. Her ligg luftforsvaret sin 333-skvadron, med P-3 Orion overvakingsfly.
Flyplassen på Andøya vart bygd etter ønske frå NATO, og var ferdigbygd og operativ i 1957. Under den kalde krigen var basen svært viktig for forsvaret av Noreg. Flystasjonen er ei hjørnesteinsverksemd i Andøy kommune.
Det går òg sivile passasjerfly frå Andenes. Den sivile delen av flyplassen heiter Andøya lufthavn, Andenes.
Denne transportartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over transportspirer. |