Andrew Jackson
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
President for Sambandsstatane (USA) | 4. mars 1829–4. mars 1837 |
Føregjengar | John Quincy Adams |
Etterfylgjar | Martin Van Buren |
Fødd | 15. mars 1767 i Waxhaw i Nord Carolina |
Død | 8. juni 1845 i Nashville i Tennessee |
Gift med | Rachel Donelsen Robards Jackson |
Barn | |
Gravlagd | |
Parti | Det demokratisk-republikanske partiet i USA |
Andrew Jackson (fødd 15. mars 1767, død 8. juni 1845) var ein politikar i USA. Han var president i USA frå 1829 til 1837, som nummer sju i rekkja over presidentar.
Han sat som president i to valperiodar, frå 4. mars 1829 til 4. mars 1837. Jackson er i ettertid rekna som ein av dei mest viktige presidentane. Arkansas og Michigan ble tatt opp som delstatar i Jackson si tid som president.
[endre] Tidlege år
Jackson vart fødd i Waxhaw i Nord Carolina. Han fekk berre lite utdanning. Under Den amerikanske frigjeringskrigen vart han berre 13 år gamal med i den amerikanske motstandshæren som kurér. Han vart teken til fange av britane i løpet av krigen. Til no er han den einaste presidenten i USA som har vore krigsfange i løpet av livet. Han mista òg heile familien sin i løpet av krigen. Etter desse hendingane fekk Jackson eit hat til britane. Jackson flytta til Tennessee i 1800, og slo seg opp som advokat. Han tenestegjorde òg som offiser i den amerikansk-britiske krigen i åra frå 1812 til 1815. Han vart seinare vald som som representant til begge kammer i kongressen. I 1824 måtte Jackson gje tapt i presidentvalet mot John Quincy Adams, men han vann en solid siger i 1828. Han vart den fyrste presidenten frå Demokratane.
[endre] Lenkjer ut
Føregjengar: John Quincy Adams |
President i USA |
Etterfylgjar: Martin Van Buren |
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over historiespirer. |