Aoraki/Mount Cook
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aoraki/Mount Cook | ||
---|---|---|
|
||
Høgd over havet | 3 754 m. | |
Ligg i/på | Sørøya på New Zealand | |
Fjellkjede | Southern Alps | |
Koordinatar | ||
Første gong til topps | 1894 Tom Fyfe, George Graham, Jack Clarke | |
Lettaste rute | Bre/snø/isklatring |
Aoraki/Mount Cook er det høgaste fjellet på New Zealand. Det er ein tind i fjellrekkja Southern Alps (Søralpane) som går langs vestkysten av Sørøya. Fjellet er eit populært turistmål, og det er også mykje brukt av fjellklatrarar. Tasman Glacier (Tasmanbreen) og Hooker Glacier (Hookerbreen) fell ned frå sidene til fjellet.
Etter avtale mellom māoristammen Ngāi Tahu (Kāi Tahu) og styresmaktene i 1998, vart namnet til fjellet offisielt endra frå Mount Cook til Aoraki/Mount Cook for å ta med det opprinnelege namnet, Aoraki. I samsvar med denne avtalen fekk ei rekkje stadnamn på Sørøya tillagt maorinamnet sitt etter det engelske. For å synleggjera kor spesielt dette fjellet er, har det som einaste stadnamn på New Zealand, maorinamnet framfor det engelske.
Innhaldsliste |
[endre] Lokalisasjon
Fjellet ligg inne i nasjonalparken Aoraki/Mount Cook National Park. Parken vart offisielt oppretta i 1953, og er, saman med Westland National Park, eit av dei nasjonale verdsarvsområda på New Zealand. Inne i parken ligg meir enn 140 fjelltoppar som er over 2 000 meter høge, og 72 namngjevne isbrear dekkjer 40% av arealet til parken som er 700 km² stort.
Busetnaden Mount Cook Village (også kalla «The Hermitage») tener som eit turistsenter og utgangsstad for turar til fjellet. Han ligg 4 km frå brekanten til Tasman Glacier (Tasmanbreen), 12 km sør for toppen til Aoraki/Mount Cook.
[endre] Namn
Aoraki tyder «skyskrapar» på Kāi Tahudialekten av māorispråk. Det engelske namnet er til ære for kaptein James Cook, som var den første som utforska og sigla kring dei newzealandske øyene i 1770.
[endre] Klatring til toppen
Det første dokumenterte europeiske forsøket på å nå toppen vart utført av den irske presten W. H. Green og to sveitsiske fjellførarar den 2. mars 1882, men det vart seinare fastslått at desse var 50 meter unna den eigentlege toppen. Den 25. desember 1894 nådde newzealandarane Tom Fyfe, James (Jack) Clarke og George Graham, alle frå byen Waimate på Sørøya, toppen ved å gå opp Hooker Valley. Den sveitsiske fjellføraren Matthias Zurbriggen klatra åleine til toppen kort tid etterpå frå Tasmanbreen, langs den fjellryggen som no ber namnet hans.
Det er stadig ei utfordrande klatring for å nå toppen, ofte i sterk vind og over svært bratte is- og snøskråningar. I røynda er det ein tredelt topp, der nordtoppen er høgast, medan den midtre og den sørlege er litt lågare. Å nå dei tre toppane på same turen vart første gongen gjort i 1913 av Freda du Faur og fjellførarane Peter og Alex Graham. Tre år tidlegare var du Faur den første kvinna som nådde toppen til Aoraki/Mount Cook.
Aoraki/Mount Cook var 10 m høgare inntil eit større stykke fjell og is fall ned frå nordtoppen den 14. desember 1991.
[endre] The Southern Alps (Søralpane)
The Southern Alps på Sørøya er danna ved at dei tektoniske platene mellom Stillehavet og Australia/India støyter saman langs vestkysten til øya og løfter opp landet. Denne landhevinga finn stad enno, og løftar opp Aoraki/Mount Cook i gjennomsnitt 7 millimeter årleg. Erosjonen virkar også sterkt i utforminga av fjella. Det harde verlaget kjem av at fjella møter passatvindane, kjende som «the roaring forties» («dei stormfulle førti»), som er kraftige vindsystem som meir eller mindre følgjer den 45. sørlege breiddegraden, og går sør om både Afrika og Australia, slik at Søralpane er den første hindringa desse fuktige vindane møter der dei blæs austover havet.
[endre] Skogar og isbrear
Den gjennomsnittlege nedbøren i låglandet kring fjella er kring 7,6 meter. Den store nedbørsmengda fører til at det er tempererte regnskogar i låglandet langs kysten, og tilstrekkelege snøfall i fjella til å halda isbreane ved like. Av desse ligg Tasman Glacier (Tasmanbreen] og Murchison Glacier (Murchinsonbreen) mot aust, og dei mindre Hooker Glacier (Hookerbreen) og Mueller Glacier (Muellerbreen) mot sør.