Static Wikipedia February 2008 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu

Web Analytics
Cookie Policy Terms and Conditions Snø - Wikipedia

Snø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Snø på mark. Foto: Emmanuel Boutet
Snø på mark.
Foto: Emmanuel Boutet
Eit ferskt snøfall i Colorado i USA Foto: Tim McCabe
Eit ferskt snøfall i Colorado i USA
Foto: Tim McCabe

Snø er nedbør i form av krystallinsk vassis og kjem ned i store mengder snøflak. Ettersom snøen er sett saman av små, grove partiklar, er det eit granulært material. Snø har ein open og dermed mjuk struktur, dersom han ikkje er pakka saman av trykk utanfrå.

Innhaldsliste

[endre] Danning

Snø vert vanlegvis danna når vassdamp går gjennom deposisjon høgt i troposfæren ved temperaturar under 0°C. Dei enkelte snøfillene festar seg til kvarandre, og når snøflaka er tunge nok fell dei ut av skya. Omlag all nedbør (utafor tropiske strøk) vert danna som snø. Er det kaldt nok i luftlaga under skya vil nedbøren falle til bakken som snø, men er temperaturen høg nok vil snøen smelte og bli regn. Smelteprosessen trekk derimot latent varme ut av lufta omkring, slik at lufttemperaturen minkar og sjansen for at etterfølgjande snø skal nå bakken vert større.

Den ideelle temperaturen for snø er omkring og litt under 0°C, og ikkje kaldare. Dette kjem av at jo varmare lufta er jo meir fukt kan den innehalde. Fuktig luft kan danne større snøflak enn tørr luft, og dette aukar sjansen for at snøen skal falle til bakken. Temperatur rundt frysepunktet fører òg til at snøflaka kan smelte, fryse igjen, og feste seg saman med andre snøflak og danne større flak på veg ned frå skya. I slike situasjonar vil sjølv små temperaturvariasjonar føre til at nedbøren kan gå over frå snø til regn, eller omvendt, og det kan derfor vere ganske vanskeleg for meteorologar å varsle nøyaktig.

Snø kan også lagast ved hjelp av snøkanonar, sjølv om partiklane dei lagar liknar meir på hagl.

[endre] Utbreiing

Snøfall varierar med tid og stad, inkludert geografisk breiddegrad, høgd over havet og andre faktorar som jamt over påverkar vêret. På breiddegrader nærare ekvator, er det mindre sjans for snø, 35° vert ofte rekna som ei grov grense. Vestkystane på dei store kontinenta har høgare snøgrenser enn elles.

Nokre fjell, sjølv nær ekvator, har permanent snødekke på toppane, inkludert Kilimanjaro i Tanzania. Motsett har mange regionar i Arktis og Antarktis lite nedbør, og dermed lite snø, trass i den bitre kulden. Dette kjem av at kaldare luft ikkje kan halde på så mykje vassdamp som varmare luft.

Bygging av ein snømann.
Bygging av ein snømann.

Det største registrerte snøfallet gjennom ein sesong som nokon gong er målt i verda, var på Mount Baker i Washington, USA i 1998-1999 då dei målte 28,96 meter. Dette var meir enn den førre rekorden som var halden av Mount Rainier i Washington, USA som i 1971-1972 fekk 28,5 meter med snø. Dagsrekorden er frå Silver Lake i Colorado i USA med 1,93 meter i 1921. I Noreg er det ÅlfotbreenVestlandet som har den største målte snømengda, om lag 15 meter snø fell der kvart år.

Sjå også liste over Land som har hatt snøfall

[endre] Fordelar og ulemper

Snø har ein isolerande effekt, som kan hindre at det set seg tele i jorda, og kan med det verne avlingar mot kulda over snødekket. Store mengder snø kan derimot forstyrre infrastruktur og tenester sjølv i regionar som er vant til det. Trafikk kan verte forsinka, eller attpåtil stoppe heilt opp. Grunninfrastruktur som elektrisitet og telefon kan verte sett ut av funksjon, særskilt dersom leidningane går over bakken. Fleire stadar har ein snødagar der mykje snøfall gjer at ungane ikkje treng å gå på skulen. Kor mykje som skal til for å få ein slik dag, varierar gjerne med kor vant ein er med snø i regionen. Snødagar og anna kaos grunna snøfall, vert ofte latterleggjort av folk i snørike regionar. Eit døme er tromsøværingar som synest at Oslofolk klagar mykje meir over snøen enn det som burde vere naudsynt.

Store mengder snø, og då spesielt i fjellområde, kan føre til snøras. Snøras som ikkje er skapt av menneske oppstår ofte i samband med store temperaturendringar når laus og lett nysnø har lagt seg oppå eldre og hardare snø eller skare.

[endre] Fritid

Fritidsaktivitetar som er avhengige av snø:

  • mange vinteridrettar, slik som slalåm, langrenn, snøbrett og telemark
  • leik med akebrett eller slede
  • bygging av snømann eller snøborg
  • kasting av snøballar på kvarandre i ein slags krig eller for å erte. (Mennesket ser ut til å vere det einast dyret som kastar snøballane sine. Pygmésjimpansar har vorte sett i det dei bér rundt på snøballar, men ikkje når dei har kasta dei.)

Dersom det er for lite snø, men temperaturen likevel er låg nok, kan snøkanonar nyttast til å produsere passe mengder snø til slike leikar.

Tettpakka snø kan brukast som byggjemateriale i til dømes igloar eller andre snøhytter og snøholer.

[endre] Geometri

Snøflak av Wilson Bentley, 1902
Snøflak av Wilson Bentley, 1902

Eit interessant spørsmål er kvifor armane på eit snøflak er symmetriske, og kvifor det ikkje finns to like snøflak. Ein trur at svaret ligg i det faktum at distansen mellom snøflaka er mykje større enn distansen over dei.

Snøflaka har alltid seks symmetriaksar, noko som kjem av den heksagonale krystallstrukturen til vanleg is (òg kjend som is Ih).

Grovt sett er der to moglege forklaringar på symmetrien til snøflaka. Den første er at der kan vere kommunikasjon (informasjonsflyt) mellom armane, slik at veksten i kvar arm påverkar veksten i kvar av dei andre armane. Overflatespenning eller fononar er måtar slik kommunikasjon kan gå føre seg på. Den andre forklaringa, som ser ut til å vere mest utbreidd, er at armane til snøflaket gror uavhengig i eit miljø der ein trur det er raske endringar i temperatur, luftfuktigheit og så bortetter. Ein reknar med at dette miljøet er relativt homogent i det området der eitt enkelt flak oppheld seg, noko som kan føre til at armane veks seg like ved å reagere likt under like omstende, på same måte som uavhengige tre responderar på miljøendringar ved å gro bortimot identiske årringar. Forskjellane i miljøet på skala større enn snøflaket fører til den observerte mangelen på korrelasjon mellom forskjellige snøflak.

Tanken om at det ikkje finst to like snøflak er ikkje heilt korrekt. Det er nemleg mogleg, om svært usannsynleg, at to snøflak kan vere visuelt identiske dersom miljøa der dei vart laga var like nok, anten fordi dei vaks veldig nær kvarandre, eller ved ei tilfeldigheit. American Meteorological Society har rapportert at like snøkrystallar har vorte oppdaga av Nancy Knight frå National Center for Atmospheric Research. Krystallane var ikkje flak slik som folk flest kjenner dei, men heller innhola heksagonale prismer.

[endre] Tettleik

Snøtettleiken varierar stort, sjølv for nysnø. Typisk tettleik for nysnø er rundt 12 % av vasstettleiken. Derfor seier ein ofte at 1 cm nysnø tilsvarar 1 millimeter regn. Snø vil derimot presse seg saman under vekta av seg sjølv til tettleiken omlag blir 33 % av vasstettleiken. Ein djupt snølag kan derimot presse seg så mykje saman at tettleiken omlag blir 50 %, særleg seint på våren.

Kor store vassmengder som ligg i eit snølag er ofte til stor interesse innan kraftproduksjonsindustrien. Veit ein denne mengda kan ein ofte med stor tryggleik vite kor mykje vatn som vil smelte og renne ned i vassmagasina når snøen smeltar om våren.

[endre] Typar snø og snøvêr

Litt lett snøvêr med små snøflak vert gjerne kalla ei snøbye. Dersom det snør tettare, gjerne med større og tyngre snøflak, kan ein kalle det snøkav eller snøkave. Snø i form av små ispartiklar kallar ein hagl, sjølv om hagl vert danna på anna vis enn snø.

Dersom det blæs kraftig samstundes som det snør, kallar ein det gjerne snøstorm. Snøstormar kan ein òg ha dersom det ikkje snør, men ligg mykje (helst tørr og lett) snø på bakken. Sannsynligvis kjem omgrepet «snøstorm» av det engelsk ordet «snow storm» som ikkje har noko med vindstyrken å gjere. På engelsk tyder uttrykket vedvarande kraftig snøfall. «Storm» vert oftare brukt på engelsk om meir alvorlege vêrsituasjonar (t.d. tyder torevêr som på engelsk er «thunder storm»). Det me på norsk omtalar som snøstorm, kallar dei «blizzard» på engelsk. Meteorologane i Noreg brukar derimot ikkje uttrykket snøstorm, fordi det er vanskeleg å kome fram til eintydig definisjon på kva snøstorm er. Det nokon kallar snøstorm i Oslo, er ikkje nødvendigvis det same i Nord-Noreg.

Dei samiske og eskimoiske språka har over 100 ord som seier noko om snø og eigenskapane, til dømes om den er våt eller tørr eller tung. Norsk har eit tilsvarande tal omgrep for snø [1], men sia norsk baserar seg på ordsamansetnader blir talet på eigne ord mindre.

Ein har mange forskjellige typar snø og snøvêr:

Is, isbre
Snø kan pakkast så hardt saman at han kan danne is som ikkje inneheld luftbobler. Kor raskt dette skjer er avhengig av kor mykje det har snødd, lufttemperaturen og vekta av snøen i dei øvre snølaga, og kan ta alt frå eit par timar til fleire tiår.
Kornsnø
Grov, granulær våt snø. Vert oftast brukt for å skildre snøen som ligg på bakken om våren. Kornsnø kjem av at snøen smeltar om dagen, og frys igjen om natta.
Puddersnø
Nysnø, som ikkje enno har blitt kompakt. Tettleiken og fuktinnhaldet i puddersnø kan variere stort. Snøfall i kystområde og andre område med mykje fukt fører som regel til tyngre snø enn snøfall i tørre og kontinentale område. Lett og tørr puddersnø er svært ettertrakta for skiløparar og snøbrettkjørarar.
Firn
Snø som har lege på bakken i minst eitt år, utan at han har pakka seg saman til is. Han er granulær.
Sludd
Ei blanding av regn og snø.
Underkjølt regn
Regn som frys momentant i det dropane treff ei kald overflate. Dette fenomenet kan dekke alt på overflata med ein klår is, føre til store trafikkproblem og knekke tre og telefonstolpar.
Eiter eller eitersnø
Svært små snø/ispartiklar som fell sakte, omlag som frose yr.
Snøstorm
Uttrykk som regel brukt om snøfall i lag med kraftig vind (ikkje nødvendigvis vind av storm styrke). Noko eintydig definisjon på norsk finns ikkje.
Snøfokk
Snø som bles med vinden på bakken. Dette fører ofte til snøfonner, gjerne langs murar og husveggar.
Kram snø
Snø med temperatur nær smeltepunktet, som lett kan formast til lekamar som snøballar og snømenn.
Slaps
Snø som delvis har smelta når den ligg på bakken.
Hagl
Små iskuler av fleire islag. Oppstår som oftast i samband med byge- og toreskyer. Storleiken kan variere frå 5 mm til over 10 cm i sjeldne tilfelle.
Kunstig snø
Snø som vert laga ved hjelp av snøkanoner. Ofte har denne snøen form som små mjuke haglkorn.
Vassmelonsnø
Snø med raud- eller lillaaktig farge med lukt som vassmelon. Fenomenet oppstår på grunn av ein grønalge som heiter chlamydomonas nivalis.
Sastrugi
Hard snø med furer.

[endre] Sjå òg

Begerkrystall er ein uvanleg variasjon av snøkrystall.  Han vert òg kalla japansk tsuzumi etter den timeglassforma tsuzumi-tromma.
Begerkrystall er ein uvanleg variasjon av snøkrystall. Han vert òg kalla japansk tsuzumi etter den timeglassforma tsuzumi-tromma.

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons har multimedia som gjeld: Snø
Static Wikipedia 2008 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -

Static Wikipedia 2007 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -

Static Wikipedia 2006 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu