James Cook
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
James Cook (27. november 1738–14. februar 1779) var ein britisk oppdager og navigatør som vart fødd i North Yorkshire i England og blei drepen på Hawaii. Han gjorde tre oppdagingsreiser i Stillehavet, der han kartla mesteparten av kystane, og siglde i tillegg rundt Atlanterhavet og det indiske havet.
[endre] Reisene
Den første reisa til Cook (1768–1771), med skipet MH «Bark Endeavour», gjekk til Tahiti og New Zealand. Han kartla kystlinja frå New Zealand og fann sjøvegen mellom dei to øyane, som seinare er blitt kalla Cook Strait. Cook fann òg ei lei gjennom det store barriererevet, og viste at Australia og Ny-Guinea ikkje heng saman.
Under den andre reisa (1772–1775) vart han den første europearen som passerte den sørkege polarsirkelen, og hittade Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane.
På den tredje reisa (1776–1780), med HMS «Resolution», fann Cook den største øya på Hawaii. Derette utforska han vestkysten av Nord-Amerika og leita etter nordvestpassasjen. Tillbake på Hawaii blei han drepen i kamp med dei som budde der.
[endre] Ettermæle
Ved å ta i bruk ny astronomi til navigasjon gjorde Cook store nybrott for sjøfarten. Han blei òg kjend for å unngå skjørbuk blant mannskapet sitt ved å sørga for eit næringsrikt kosthald.