Ape
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ape |
||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
![]() Gorilla |
||||||||||
Systematikk | ||||||||||
|
Aper (Haplorrhini) høyrer til primatane. Dei finst opprinneleg i tropisk og subtropisk klima over heile verda (unnateke Madagaskar, der halvapene er dei einaste primatane). Gruppa omfattar òg mennesket, som i løpet av dei siste 100 000 år har spreidd seg til resten av klimasonenen.
Spøkelsesapene har tidligare vore rekna til halvapene, men er søstergruppa til resten av apene. Denne resten vert gjerne samanfatta som ekte aper (breinaseaper eller vestaper, menneskeaper og smalnaseaper eller dyreaper.)
Apene har til felles mellom anna at synet har teke over for luktesansen som den viktigaste sans. Morfologisk gir dette seg utslag i (a) tørre nasar (i motsetnad til halvaper og andre pattedyr, som har fuktige nasar) og (b) forholdsvis tettsitjande og framoverretta auge (som gir mindre synsfelt, men tredimensjonalt syn). Vidare er overleppa bevegeleg og ikkje todelt, men lukka.
Dei ekte apene har mellom anna til felles at livmora er enkel (ikkje lenger delt i to «armar») og at talet patter er redusert til to.
[endre] Bakgrunnsstoff
![]() |
Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over biologispirer. |