Artsdatabanken
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Artsdatabanken er ein nasjonal kunnskapsbank for biologisk mangfald. Artsdatabanken skal samle all kunnskap om plantar og dyr, det som utgjer det biologiske mangfaldet i Noreg, og forsyne samfunnet med oppdatert og lett tilgjengeleg informasjon om norske artar og naturtypar.
Artsdatabanken kom i drift i 2005. Artsdatabanken er ein sjølvstendig institusjon, administrativt og fagleg knytt til NTNU ved Vitskapsmuseet, og held til på Kalvskinnet i Trondheim.
Den norske regjeringa har sett som mål at tapet av artsmangfald i den norske naturen skal stanse før 2010. Ei av dei første oppgåvene Artsdatabanken tok fatt på var å gje ut ei ny norsk raudliste tufta på dei nye IUCN-kriteria frå 2001.
Ei nasjonal raudliste er meint å bidra til meir presis naturforvalting. Lista gir òg auka fokus på trua artar på nasjonalt nivå, blant regionale og lokale styremakter, sektorer og ideelle organisasjonar. Raudlistene skal òg bidra til at det vert teke omsyn til naturmiljøet ved arealplanlegging.
[endre] På verdsveven
Kategoriar: Miljøvern | Plantar | Dyr