Asketre
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ask |
||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
![]() |
||||||||||||||||
Systematikk | ||||||||||||||||
|
||||||||||||||||
Vitskapleg namn | ||||||||||||||||
Fraxinus excelsior L. |
Ask (Fraxinius excelsior) er eit lauvtre i olivenfamilien. Ask er eit varmekjært tre som i Noreg veks nord til Trøndelag.
Innhaldsliste |
[endre] Skildring
Asketreet har fjærforma blad som består av fleire småblad som sit i par på ein stilk.
Blad og bork inneheld garvesyre.
[endre] Bruk
Askeved kan mellom anna brukast i golv, trapper og til møbler. Treet brenn godt og kan brukast til å fyra med.
[endre] Ask i kulturen
I norrøn mytologi var verdstreet Yggdrasil ei ask, og den første mannen blei skapt av ein stokk frå eit asketre, sjå Ask og Embla. Runa askr kunne tyda fleire ting, mellom anna båt, spyd og krigar.
Treet blei seinare brukt som tuntre i Skandinavia for å verna om lukka til huslyden. I Sverige blei det sagt at hustomten budde i treet. Det var òg vanleg å bruka treet i alléar og parkar, stader der ein fortsatt kan sjå asketre.
[endre] Sjå òg
- Ask - fleirtydingsside.
[endre] På verdsveven
![]() |
Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over biologispirer. |