Astrid Krog Halse
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Astrid Krog Halse (25. januar 1914–7. februar 2007) var ein norsk lyrikar, fødd i Oppbygda i Meldal.
Astrid Krog Halse var fødd inn i ein lærarfamilie. Som vaksen arbeidde ho sjølv òg som lærar, først på Ørlandet og i Hommelvika, før ho slo seg til ro ved Strindheim skole i Trondheim.
Det var medan Krog Halse levde i Trondheim ho skreiv dei fleste dikta, men dei var sterkt påverka av oppveksten i Meldal. Debuten kom i 1961 med diktsamlinga Marimesse. I alt gav ho ut ti (elleve?) diktsamlingar for born og vaksne. Mest kjent vart Astrid Krog Halse ved at musikkgruppa Gåte sette musikk til fleire av tekstane hennar.
I 1998 fekk ho Meldal kommunes kulturpris. Dei siste åra av livet levde Krog Halse på Ranheim sjukeheim i Trondheim.
[endre] Diktsamlingar (ikkje komplett?)
- 1961 - Marimesse, debut
- 1964 - Løssi-natta
- 1966 - Gull over gråstein
- 1968 - Trettondagskvelden
- 1969 - Oska og elden
- 1970 - Dolsi Dalom: åt bånnom
- 1971 - Storofsin
- 1974 - Ante i Åsa
- 1975 - Myrull
- 2000 - Målet hennar mor, inneheld alle dikta hennar
[endre] Kjelder
- Diktinga lever vidare, Avisa Sør-Trøndelag
- Målet hennar mor
- Sunndal folkebibliotek og Sør-Fron bibliotek
- Wangsmo antikvariat - 2
Eg er berre ei spire med tankar få eg veks berre til om du fyller på |
![]() |
Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide denne spira.. |
Oversyn over litteraturspirer. |