1964
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Innhaldsliste |
[endre] Hendingar
[endre] Utlandet
- 1. januar: Nyasaland og Nord-Rhodesia gjekk ut av unionen med Sør-Rhodesia og blei til dei uavhengige statane Malawi og Zambia.
- 5. januar: Det første møtet mellom leiarar for den katolske og den ortodokse kyrkja sidan 1400-talet fann stad i Jerusalem mellom pave Paul VI og patriarken Athenagoras I.
- 9. januar: Væpna konflikt mellom militære frå USA og panamanske opprørarar i sonen rundt Panamakanalen førte til ei stor internasjonal krise og 25 døde.
- 31. mars: President João Goulart blei avsett av militæret og Brasil såg byrjinga på eit 21 år langt diktatur.
- 26. april: Tanganyika og Zanzibar gjekk i union og blei Tanzania.
- 24. mai: Opptøyar i folkemengden mot dommaren i ein fotballkamp i Lima i Peru. 300 tilskodarar blei klemt i hel.
- 21. september: Malta fekk sjølvstende frå Storbritannia.
[endre] Noreg
- 2. mars: Femkronesetlane blei erstatta med mynter
- 4. april: Ridderrennet blei arrangert for første gong
- 4. mai: Retten til fri religionsutøving blei grunnlovsfesta
- 14. september: Langnes flyplass, Tromsø åpna
- 1. desember: Omsetningsavgifta auka frå 10 til 12 prosent
- 10. desember: Amnesty International Norsk Avdeling blei skipa
- Rundt ein fjerdedel av dei norske kommunane forsvann gjennom storstilde kommunesamanslåingar
[endre] Fødde
- 7. januar: Nicolas Cage, amerikansk skodespelar
- 27. januar: Bridget Fonda, amerikansk skodespelar
- 20. mars: Natacha Atlas, belgisk songar
- 30. mars: Tracy Chapman, amerikansk songar
- 3. april: Bjarne Riis, dansk syklist, vann Tour de France i 1996
- 26. mai: Lenny Kravitz, amerikansk songar og musikar
- 22. juni: Dan Brown, amerikansk forfattar
- 8. september: Joachim Nielsen, norsk rockemusikar.
- 3. oktober: Jostein Flo, norsk fotballspelar.
[endre] Døde
- 17. januar: T.H. White, britisk forfattar
- 5. april: Douglas MacArthur, amerikansk general
- 14. april: Rachel Carson, amerikansk biolog og miljøforkjempar
- 27. mai: Jawaharlal Nehru, indisk politikar
- 18. juni: Egil Rasmussen, norsk forfattar
- 12. juli: Gunnar Reiss-Andersen, norsk forfattar
- 12. august: Ian Fleming, britisk forfattar
- 20. oktober: Herbert Hoover, amerikansk politikar
- 14. desember: Carl J. Hambro, norsk politikar
<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>