Baglarane
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Baglarane var ei kyrkeleg gruppe som kjempa mot Sverre og birkebeinarane i borgarkrigstida i Noreg. Namet kjem av norrønt språk bagall, som tyder bispestav. Baglarane vart stifta i 1196 av biskop Nikolas Arnesson i Oslo og erkebiskop Eirik av Nidaros. I hovudsak var det vikværingar som vart med. Baglarane vart slegne av kong Sverre. Etter at han døydde vart det inngått eit forlik med kongemakta. I denne tida hadde baglarane base på Helgøya i Mjøsa. Baglarane underordna seg heilt under birkebeinarane frå 1217. Rolla til baglarane vart overteke av ribbungane. Baglarane er den mest kjende gruppa av dei som kjempa mot birkebeinarane.
[endre] Andre grupper som kjempa mot birkebeinarane
- Lendmannspartiet var eit parti etter 1150. Ein av leiarane var Erling Skakke.
- Heklungane er ei gruppe som vart nemnd i 1183.
- Kuvlungane et eit parti danna i 1184, som hadde Jon Kuvlung som hovding. Jon hadde vore munk på Hovedøya og namnet kuvlung var eit spottenamn birkebeinarane nytta om flokken (norrønt: kufl tyder munkehette). Kuvlungane vart slegne av kong Sverre ved Bergen i 1188 der Jon Kuvlung fall.
- Breiskjeggflokken kjend frå 1190-1191, leia av Torleiv Breiskjegg.
- Øyskjeggflokken eller Øyskjeggane (norrønt: eyskeggjar) stifta i 1193 og vart rekruttert mellom dei norrøne innbyggjarane på de skotske øyane. Øyskjeggflokken vart slegen av kong Sverre i 1194.
- Slittungane ein flokk av fattigfolk leia av presten Bene frå kring 1216 til 1220. Dei slo seg i lag med ribbungane
- Ribbungane (norrønt: røvar) var ein opprørsflokk stifta av tidlegare medlemmer av baglarane (m.a. Gudolf av Blakstad) i 1219 og hadde til 1227 stor innflyting på Austlandet. Kongsemnet til Ribbungane var Sigurd Ribbung.
- Vårbelgane eller varbelg var dei som kjempa under Hertug Skule mot Håkon Håkonson i 1239 og 1240. I hovudsak kom dei frå Austlandet. I 1189 og 1190 var namnet vårbelg nytta om ein flokk som gjorde opprør mot kong Sverre. Vårbelg (norrønt: várbelgir) tyder vårskinn, som er eit skinn av dårleg kvalitet. Igjen viser dette til fattigfolk.