Bern
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bern (fransk: Berne) er hovudstaden i Sveits og den fjerde mest folkerike byen i landet (etter Zürich, Basel og Genève) med 140 000 innbyggjarar. Byen vart grunnlagt i 1191. Elva Aare deler byen.
Bern er òg hovudstad for den tospråklege (tysk og fransk) kantonen Bern - den nest mest folkerike av Sveits sine 26 kantonar. Kantonen Bern har eit areal på 6049 kvadratkilometer og ca. 937 000 indbyggere (1990).
Ifølgje legenden fekk Bern namnet sett frå at grunnleggjaren av byen felte ein bjørn (tysk: Bär) på staden der byen skulle bli bygd. Ein har i fleire århundre halde bjørnar i fangenskap i Bern, og desse kan ein sjå i bjørnegrotta ved Nydeggbrücke.
Den gamle bydelen i Bern er utnemnt til eit av UNESCO sine verdsarvsområde.
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |