Brettspel
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
![Ei kvinne speler sjakk i gravkammeret til Nefertari.](../../../upload/shared/thumb/b/b4/Maler_der_Grabkammer_der_Nefertari_003.jpg/180px-Maler_der_Grabkammer_der_Nefertari_003.jpg)
Brettspel er ein type spel som blir spelte på eit brett eller ei plate med særskilde brikker som skal flyttast rundt på dette i løpet av spelet. Kvart spel har særskilde reglar for korleis ein kan flytta brikkene. Ein bruker ofte tilleggsutstyr, som terningar eller kort, til å styra spelet.
Brettspel varierer i utfordring frå pedagogiske spel for små ungar, spel mynta på hele familien, enkle spel med eit utal strategiske val til tunge spill med mange reglar som tek fleire dager å spela gjennom.
Det finst eit utal brettspel med mange ulike føremål. Dei klassiske brettspela som dam, sjakk, go og backgammon er kjende over heile verda. Nyare spel kan vera tettare knytta til den verkelege verda, som Trivial Pursuit, Geni og Monopol. Ein ny type spel som særleg er mykje spelte blant ungdom er moderne strategispel, som Axis & Allies og Risk.