Bruvik
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bruvik er ein tidlegare sjølvstendig kommune i Hordaland fylke som opphavleg (1837) var ein del av Haus (Arna) formannskapsdistrikt.
Haus vart delt i to og Bruvik skilt ut som eigen kommune 1. januar 1870.
1. januar 1964 skifta Bruvik namn til Vaksdal og fekk Bergsdalen og Eksingedalen frå Evanger og Modalen kommunar innlemma i seg.
Samstundes vart sjølve Bruvikbygda fråsundra, og danna den nye Osterøy kommune, saman med dei delar av Haus, Hosanger og Hamre som låg på Osterøya.