Coricancha
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Coricancha (quechua: qurikancha, gullplassen) var eit tempelkompleks i Cuzco, i dag kalla soltempelet på norsk.
Bygg og gjenstandar i komplekset
|
Her var òg gjenstandar i reint gull, til dømes altar og lamafigurar. Soltempelet var kledd innvendig med 700 plater av gull som kvar vog om lag 2 kg. Den oktogonale fontsteinen er 1,5 meter i diameter og 1,3 meter djup. Han var dekt med 55 kg gull.
Berre tre europearar skal ha sett soltempelet i all si prakt. Dei demonterte kunstskattane og andre verdisaker og førte dei til Cajamarca som del av løysepengane for Atahualpa. Men mange gjenstandar vart attlatne. Mellom andre «Den gylne sola», som seinare aldri har kome til rettes.
I dag er kyrkja og klostret Santo Domingo bygd på Coricancha; steinmurar frå Coricancha er bevart og er kanskje det finaste dømet på murhandverk frå Inkatida.
[endre] Kjelder
- Steinar Anda og Jørgen Blitzner, Peru, skatter skjult i jungel, gjemt i sand, Eide forlag (2004), ISBN 8251406692
- John Hemming, The Conquest of the Incas, Macmillan (1970)
- Rob Rachowiecki, Peru, 3. opplag, Lonely Planet (1996)
[endre] Eksterne lenkjer
- Bilete frå Santo Domingo
- Om Coricancha (Engelsk)
- Koricancha (Engelsk)
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |