John Hemming
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Hemming (fødd i 1935 i Vancouver) er ein forskar og forfattar med Amazonas som spesialitet. Han er utdanna ved Eton College og ved University of Oxford, og har blitt rekna som ein av Storbritannias leiande på Amazonas i Brasil, og historia til urfolket der spesielt. Hemming har oppretta førstekontakt med nokre søramerikanske folkegrupper. Han har også hatt forskarprosjekt i Jordan og Peru.
Hemmings første bok, The Conquest of the Incas, vart godt motteken då ho kom ut i 1970 og vert framleis tilrådd som kjelde til informasjon om hendingane som førte til at Inkariket fall. Boka handla og om dei første tiåra med spansk kolonimakt i Sør-Amerika.
I 1975 blei Hemming sekretær i Royal Geographical Society og seinare direktør fram til 1996.
[endre] Bibliografi
- The Conquest of the Incas (1970)
- The Conquest of the Brazilian Indians (1987)
- Die If You Must: The Brazilian Indians Today (2003)
- Amazon Frontier: The Defeat of the Brazilian Indian (1987)
- The Search for El Dorado (1978)
- Roraima: Brazil's Northernmost Frontier (1990)