County Commercial Cars Limited
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
County Commercial Cars Limited var eit britisk firma som spesialiserte seg på å bygge om tohjulstrekktraktorar til firehjulstrekk. Firmaet starta 1929 med å bygge om toaksla lastebilar til treaksla med tandemdrift bak. Dei begynte seinare å bygge om traktorar til firhjulsdrift. Den fyrste populære modellen var ein ombygd Fordson Major. Desse traktorane blei populære i anleggsbransjen og skogsbransjen på grunn av den gode framkommelegheita sjølv om dei opprinneleg var tenkt til jordbruk. I Noreg var dei fleste Countyane utstyrt som traktorgravarar. I 1983 gikk firmaet konkurs, men blei reetablert som County Tractors Limited. Ombygginga av traktorar fortsette til 1987 da firmaet blei kjøpt opp av Benson Group. Vidare blei det bare bygd om noen få traktorar til den siste i 1990.
[endre] Kjelder
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |