Dei moravisk-schlesiske Beskidane
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei moravisk-schlesiske Beskidane | ||
---|---|---|
|
||
Høgd over havet | 1 323 m | |
Ligg i/på | Tsjekkia og Slovakia | |
Fjellkjede | Beskidane | |
Fjelltype | Fjellkjede |
Dei moravisk-schlesiske Beskidane (tsjekkisk Moravskoslezské Beskydy) er ei fjellkjede i Tsjekkia med ein mindre del i Slovakia. Ein mindre austleg del av fjella er ein del av det historiske området Cieszyn Silesia. Dei moravisk-schlesiske Beskidane utgjer den største delen av det verna landskapet Beskydy (tsjekkisk: Chráněná krajinná oblast Beskydy eller CHKO Beskydy).
80 % av fjella er dekka av skog, hovudsakleg gran, som i delar av området er kraftig øydelagd av utslepp frå industriområdet Ostrava. Området er ein populær feriestad både om vinteren (Bílá, Pustevny) og sommaren, med senter i landsbyar ved foten av fjella (Frýdlant nad Ostravicí, Frenštát pod Radhoštěm, Rožnov pod Radhoštěm).
Dei moravisk-schlesiske Beskidane er ein del av Vest-Karpatane, og består hovudsakleg av flysj med bratte skråningar (særleg i nord). Det høgaste punktet er Lysá hora med ei høgd på 1 323 meter, og vert rekna som den mest regnfulle staden i Tsjekkia med ein midla årsnedbør på rundt 1 500 mm. Radhošť på 1 129 meter er eit anna velkjend fjell.
Fjellkjeda er skild frå Dei schlesiske Beskidane i nord av Jablunkovpasset og frå Vsetínské vrchy i sør av elva Rožnovská Bečva.
[endre] Kjelder
Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Moravian-Silesian Beskids frå Engelsk Wikipedia.