Karpatane
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karpatane (rumensk: Munţii Carpaţi; polsk, tsjekkisk og slovakisk: Karpaty; ukrainsk: Карпати (Karpati); tysk: Karpaten; serbisk: Karpati; ungarsk: Kárpátok; engelsk: Carpathian Mountains) er den austlege fjellekjeda av det store sentrale fjellsystemet i Europa. Ho strekk seg 1 500 km langs grensene til Romania, Tsjekkia, Slovakia, Polen, Ukraina, Austerrike, Serbia og nordlege delar av Ungarn.
Innhaldsliste |
[endre] Namn
Namnet 'Karpetes' kan trekkast tilbake til den urindoeuropeisk rota *sker-/*ker-, som det albanske ordet karpë (stein) har utvikla seg frå, kanskje via det dakisk ordet som tydde fjell, stein eller kupert. Det gamle polske ordet karpa tydde kupert, undervassfjell, knokete røter eller trestammer. Det vanlege ordet skarpa tyder skarp klippe eller vertikalt terreng.
I seinare romerske dokument vart dei austlege Karpatane kalla Montes Sarmatici. Dei vestlege Karpatane vart kalla Carpates. Namnet Carpates vart først nedteikna av Ptolemaios i hans Geografi. Rundt år 310 vert Karpatane nemnd i Montes Serrorum av Flavius Galerius Valerius Licinianus Licinius.
Namnet på Karparane, ei dakisk stamme, kan ha kome frå namnet på Karpatane. Namnet er nedteikna i seine dokument frå Romarriket (Zosimus), og at dei budde på austsida av Karpatane fram til 381. Eit anna alternativ er at fjellkjeda har fått namnet sitt frå den dakiske stamma.
Ungarske dokument frå 800-900-talet kallar fjella Thorchal, Tarczal eller stundom Montes Nivium.
I den skandinaviske Hervarar saga, som skildrar gamle germanske segner om kampane mellom gotarane og hunarane, dukkar namnet Karpates opp i den forutseielege germanske forma som Harvaða fjöllum (sjå Grimms lov).
[endre] Geografi
Karpatane reiser seg ved Donau nær Bratislava. Dei krinsar rundt Transkarpatia og Transylvania i ein stor halvsirkel, og sveipar så sørvestover og sluttar ved Donau nær Orşova i Romania. Den totale lengda er over 1 500 km, og breidda varierar mellom 12 og 500 km. Karpatane er på sitt breiast på Det transylvanske platået og på det høgaste i Tatrafjella (med Gerlachovský štít på 2 655 m som det høgaste fjellet, ved Slovakia nær den polske grensa). Ho dekkjer eit område på 190 000 km², og er etter Alpane det mest utstrekte fjellsystemet i Europa.
Sjølv om Karpatane ofte vert kalla ei fjellkjede, er dei eigentleg ei gruppe av fjellkjeder. Karpatane har berre få stader over 2 500 meter og manglar dei bratta toppane med omfattande snødekke, store isbrear, høge fossefall og store innsjøar, som er vanleg i Alpane. Ingen område av Karpatane har snødekke året rundt, og har heller ingen isbrear. Dei høgaste områda av Karpatane er ikkje høgare enn dei middelhøge delane av Alpane, og har stort sett det same klima og plantelivet som desse områda.
Karpatane er fråskild Alpane av Donau. Dei to fjellkjedene møtes berre i eit punkt, Leithafjella ved Bratislava. Elva skiljer òg Karpatane frå Balkanfjella ved Orşova i Romania. Dalane til elvane March og Oder skil Karpatane frå Silesia og Moravia, som ligg midt i det store sentrale fjellsystemet i Europa. I motsetnad til andre delar av dette systemet er Karpatane, som dannar vasskiljet mellom dei nordlege hava og Svartehavet, omkrinsa av sletter. Desse er Den pannoniske sletta i sørvest, sletta som vert danna av den lågare delen av Donau (Romania) i sør, og Galitsjasletta i nordaust.
[endre] Geologi
Karpatane vart danna under den alpine orogenesen
[endre] Inndeling
[endre] Horisontal inndeling
- Dei ytre Karpatane — Ytre vestlege og Ytre austlege Karpatane.
- Dei indre Karpatane — Indre vestlege, Indre austlege, og resten av Karpatane.
Ein stor del av dei vestlege og nordaustlege delane av dei Ytre Karpatane i Polen, Ukraina og Slovakia vert vanlegvis kalla Beskidane
[endre] Vertikal og generell inndeling
Den finare inndelinga av Karpatane frå vest med klokka. Tala referer til kartet:
- Vest-Karpatane:
- 1 Dei ytre Vest-Karpatane:
- Dei austerrikske og sørmoraviske Karpatane
- Dei sentral-moraviske Karpatane
- Dei slovakisk-moraviske Karpatane
- Vest-beskidiske piedmont
- Vest-Beskidane
- Sentral-Beskidane
- Aust-Beskidane
- Podhale-Magura-området
- 1 Dei ytre Vest-Karpatane:
-
- 2 Dei indre Vest-Karpatane:
- Dei slovakiske malmfjella
- Tatrafjella
- Dei sentrale slovakiske fjella
- Lučenec-Košice-fordjupninga
- Mátra-Slanec
- 2 Dei indre Vest-Karpatane:
- Dei sørlege Aust-Karpatane:
- Aust-Karpatane:
- 3 Dei ytre Aust-Karpatane:
- Sentral-beskidiske piedemont
- Dei låge Beskidane
- Aust-Beskidane
- Dei moldovisk-muntenske Karpatane
- Dei austlege subkarpatane
- 4 Dei indre Aust-Karpatane:
- Vihorlat-Gutin
- Bistriţafjella
- Căliman-Harghita
- Giurgeu-Braşov
- Rakhivmassivet ogMaramureşfjella
- Maramureşfordjupninga
- Rodnafjella
- 3 Dei ytre Aust-Karpatane:
- 5 Sør-Karpatane (òg kalla Dei transylvanske Alpane):
- Făgăraş
- Parâng
- Retezat-Godeanu
- 6 Dei rumenske Vest-Karpatane:
- Apuseni
- Poiana Ruscă (stundom rekna som ein del av Sør-Karpatane)
- Banat (stundom rekna som ein del av Sør-Karpatane)
- 7 Den transylvanske platået (stundom ikkje rekna som ein del av Karpatane i det heile tatt):
- Det transylvanske platået
- Mureş-Turda-fordjupninga
- Făgăraş-fordjupninga
- Sibiu-fordjupninga
- 8 Dei serbiske Karpatane (stundom rekna som ein del av Sør-Karpatane, eller ikkje som ein del av Karpatane i det heile tatt)
- Aust-Karpatane:
- Den ytre karpatiske fordjupninga (ligg omkring Karpatane, og vert vanlegvis rekna som ein del av gruppene ovanfor)
Den geologiske grensa mellom dei vestlege og austlege Karpatane går om lag langs linja (frå sør til nord) mellom byane Michalovce - Bardejov - Nowy Sącz - Tarnów. I eldre system går grensa lenger aust langs elvane (nord til sør) San og Osława (Polen) – byen Snina (Slovakia) – elva Turia (Ukraina). Biologar set derimot grensa enno lenger aust.
Grensa mellom dei austlege og sørlege Karpatane går ved Predealpasset sør for Braşov og Prahovadalen.
Ukrainarar kallar stundom Aust-Karpatane for Dei ukrainske Karpatane (eller Skogkledde Karpatane), det vil sei hovudsakleg den delen av fjella som ligg i Ukraina (nord for Prisloppasset), medan rumenarane stundom berre kalla den andre delen for Aust-Karpatane, som ligg i Romania (frå grensa av Ukraina eller frå Prisloppasset og sørover).
Rumenarane delar vidare Aust-Karpatane i Romania vidare inn i tre geografiske grupper (nord, sentralt, sør), i staden for Ytre og Indre. Desse er:
- Carpaţii Maramureşului şi ai Bucovinei (Karpatane i Maramureş og Bucovina)
- Carpaţii Moldo-Transilvani (Dei moldovisk-transylvanske Karpatane)
- Carpaţii de Curbură/Carpaţii Curburii
[endre] Avtale om vern av Karpatane
Ein rammeavtale for vern og bærekraftig utvikling av Karpatane [1] vart signert i 2003 av dei sju landa Karpatane omfattar.
[endre] Lenkjer ut
- http://www.carpati.org/
- http://www.alpinet.org/
- Orografisk kart som viser Karpatane
- Turstiar i Dei ukrainske Karpatane
- Bilete frå Karpatane
- Panoramabilete frå Dei ukrainske Karpatane
[endre] Kjelde
Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Carpathian Mountains frå Engelsk Wikipedia.