Slovakia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Ukjent | |||||
Offisielle språk | Slovakisk | ||||
Hovudstad | Bratislava | ||||
Styresett |
Republikk Ivan Gašparovič Robert Fico |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
48 845 km² (130.) nær 0 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
5 431 363 (109.) — 111/km² (67.) |
||||
Sjølvstende - Dato |
Delinga av Tsjekkoslovakia 1. januar 1993 |
||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
87 129 mill. USD (59.) 16 110 USD (45.) |
||||
Valuta | Slovakisk koruna | ||||
Tidssone | UTC +1 | ||||
Nasjonalsong | Nad Tatrou sa blýska | ||||
Nasjonaldag | 1. september | ||||
Internasjonal telefonkode | +421 | ||||
Nasjonale toppdomene | .sk | ||||
Den slovakiske republikken ligg i Sentraleuropa. Landet grensar til Tsjekkia i nordvest, til Polen i nord, til Ukraina i aust, til Ungarn i sør og til Austerrike i sørvest.
[endre] Klima
Klimaet i Slovakia er delt to i av same fjellrekkja som deler landet. Låglandet med Donaudalen i sørvest er det varmaste område av landet. Her kan òg fuktig luft strøyme nordover frå Middelhavet slik at fleire dagar i juli og august kan ha høg luftfukt. Resten av Slovakia har nesten like varme forhold om dagen, men nettene er som regel kjølegare, særleg i høgareliggande område. Sommaren er den våtaste tida på året, men i store og heile er Slovakia eit tørt land til å vere i Europa. Torebygene vert færre i september og oktober. Seint på hausten kan derimot nedbøren ta seg opp igjen og gje nokså grått og trist vêr før vinteren kjem. Bratislava har ein normal årsnedbør på 649 mm, som er representativt for store delar av landet.
Kalde luftmassar kan ofte legge seg til i dalane mellom fjella i Karpatane, og byar som Presov og Kosice kan få tåke i fleire dagar på rad. I Bratislava har ein derimot meir standard vinterforhold med eit par svært kalde dagar, men òg nokre milde innimellom. Høgare terreng, som Tatrafjella, er generelt kaldare enn Donaudalen og kan få ein god del snø. Dei høgsate toppane kan få snø allereie frå september. I det store og heile er det derimot oftare mindre skyer i fjellområda enn låglandet i aust.
Sentral-Europa |
Austerrike | Liechtenstein | Polen | Slovakia | Slovenia | |
Den europeiske unionen (EU) og EØS-området: Austerrike | Belgia | Bulgaria | Danmark | Estland | Finland | Frankrike | Hellas | Irland | Italia | Republikken Kypros | Latvia | Liechtenstein | Litauen | Luxembourg | Malta | Nederland | Polen | Portugal | Romania | Slovakia | Slovenia | Spania | Tsjekkia | Tyskland | Storbritannia | Sverige | Ungarn |
Berre EØS: Island | Liechtenstein | Noreg |
Den nordatlantiske traktat-organisasjonen (NATO) | |
---|---|
Belgia | Bulgaria | Canada | Danmark | Estland | Frankrike | Hellas | Island | Italia | Latvia | Litauen | Luxembourg | Nederland | Noreg | Polen | Portugal | Romania | Slovakia | Slovenia | Spania | Storbritannia | Tsjekkia | Tyrkia | Tyskland | Ungarn | USA |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |