Det Norske Samlaget
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det Norske Samlaget vart skipa den 24. mars 1868. Føremålet var å gje ut bøker på landsmål. Ein av stiftarane og fyrste formann var Hagbard Emanuel Berner, han var formann fram til 1877.
Det Norske Samlaget er no delt i to organisasjonar, litteraturselskapet og forlaget. «Litteraturselskapet Det Norske Samlaget» er ein kulturpolitisk interesseorganisajon som skal leggje tilhøva til rette for nynorsk bokutgjeving, og har også ansvaret for fleire legat og prisutdelingar som til dømes Melsom-prisen og Emma og Elias Blix' legat. «Forlaget Det Norske Samlaget» er frå 1978 skilt ut som sjølveigande forretningsdrivande stifting. Forlaget gjev ut tidskriftet Syn og Segn, bokverk, historiske, biografiske og skjønnlitterære verk, barne- og ungdomsbøker, lærebøker (også på bokmål), ordbøker, vitenskaplege og populærvitskaplege bøker på nynorsk.