Melsom-prisen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Melsom-prisen er ein norsk litteraturpris til fremje av nynorsk. Skipsreiar Ferd. Melsoms legat vart skipa i 1922. Formålet er «fremme av det norske sprog (landsmålet)». Det vert delt ut ein pris kvart år til ein forfattar eller omsetjar som året før har gitt ut ei verdifull bok som «efter sitt innhold kan egne sig til folkelæsning og masseutbredelse». Legatet vert styrt av Det Norske Samlaget og prisen vert delt ut i slutten av april.
[endre] Vinnarar
- 2006 Edvard Hoem
- 2005 Knut Olav Åmås
- 2004 Erling Indreeide
- 2003 Sigrun Slapgard
- 2002 Brit Bildøen
- 2001 Jon Fosse
- 2000 Ingar Sletten Kolloen og Jan Inge Sørbø
- 1999 Johannes Gjerdåker
- 1998 Marie Takvam
- 1997 Eldrid Lunden
- 1996 Jon Fosse
- 1995 Jon Hellesnes
- 1994 Bjørn Sortland og Lars Elling
- 1993 Sissel Solbjørg Bjugn
- 1992 Einar Økland
- 1991 Hermann Starheimsæter
- 1990 Ragnar Hovland
- 1989 Arnljot Eggen
- 1988 Edvard Hoem
- 1987 Ingvar Moe
- 1986 Audun Sjøstrand
- 1985 Jan Rabben
- 1984 Rune Belsvik
- 1983 Sigmund Skard
- 1982 Lillian Clausen Mangerøy
- 1981 Kjartan Fløgstad
- 1980 Fredrik Heitkøtter
- 1979 Egil Lejon og Shanaz Saleem Baig
- 1978 Pål Sundvor
- 1977 Arvid Hanssen
- 1976 Alf A. Sæter
- 1975 Halldis Moren Vesaas
- 1974 Jon Leirfall
- 1973 Olav H. Hauge
- 1972 Johannes Heggland
- 1971 Arnljot Eggen
- 1970 Arne Falk
- 1969 Olav Rytter
- 1968 Knut Hauge
- 1967 Tore Ørjasæter
- 1966 Ragnar Ulstein
- 1965 Arthur Klæbo
- 1964 Aslaug Høydal
- 1963 Hartvig Kiran
- 1962 Bjørn Rongen
- 1961 Olav Midttun
- 1960 Anders Hovden
- 1959 Harald Hammer (løyndenamn for Helge Holager)
- 1958 Kyrre Benum og Arnold Dalen
- 1957 Olav Berkaak
- 1956 Åsta Holth
- 1955 Sjur Bygd
- 1954 Ivar Kleiva
- 1953 Jørgen Vikør
- 1952 Tor Jonsson
- 1951 Bjarne Slapgard
- 1950 Haakon Lie
- 1949 Alfred Hauge
- 1948 Johan Hovstad
- 1947 Gro Holm
- 1946 Eirik Vandvik og Tarjei Vesaas
- 1942 Inge Krokann og Ragnvald Vaage
- 1940 M. Høgåsen
- 1939 Andreas Haavoll
- 1938 Lars Berg og Olav Gullvåg
- 1937 Knut Gjengedal og Ola Setrom
- 1936 Halldis Moren Vesaas og Åse Gruda Skard
- 1935 Aslaug Vaa og Halvor Floden
- 1927 Anders Hovden og Hans Reynolds
- 1926 Lars Eskeland og Sven Moren
- 1925 Adolf Førsund (omsetjing) og Hallvard Sandnes
- 1924 Johs. Horvei (omsetjing) og R.R. Hausback (løyndenamn for Reinert Reinertsen)