Det Norske Teatret
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det Norske Teatret er eit teater som spelar på nynorsk og norske målføre. Teatret ligg i Oslo og vart skipa den 22. november 1912 med Hulda Garborg som styreformann.
2.januar 1913 hadde teatret si første framsyning i Kristiansand før dei la ut på spelferd.6. oktober 1913 hadde det si fyrste framsyning i Oslo. Det var Jeppe på Berget av Ludvig Holberg, omsett av Arne Garborg. Opninga skjedde med kong Håkon 7. til stades. Framsyningane etterpå var prega av teaterslag i gata utanfor teatret, der riksmålsungdomar prøvde å få stogga framsyningane. Noko det same hende i 1948, då teatret framførde Peer Gynt i nynorsk omsetjing og musikk av Harald Sæverud.
Dei fyrste åra heldt teatret hus i teatersalen hjå Bondeungdomslaget i Oslo, sidan flytte det til Stortingsgata 16. Der heldt det hus til det fekk eit nytt bygg i Kristian IVs gate i 1985.
Teatret er særleg kjend for å spele musikkspel, dei største suksessane gjennom tidene har vori Les Miserables, Cats og Piaf.
Som det einaste større teatret i Noreg er Det Norske Teatret privat ått, av lutlaget Det Norske Teatret LL. Sidan staten gjev om lag 100 millionar kr i årleg tilskot peikar i røynda staten ut styrefleirtalet.
Bondeungdomslaget i Oslo er største eigar, elles eig mållag og ungdomslag over heile landet og mange privatpersonar luter i teatret.
Teatersjef er Vidar Sandem.
[endre] Eksterne lenkjer
Kategoriar: Teater | Målrørsla | Nynorsk