Dubrovnik
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lokalisering | |
---|---|
Styresmakter | |
Land Fylke |
Kroatia Dubrovnik–Neretva |
Grunnlagd | 639 |
Geografi | |
Flatevidd - By |
143,35 km² |
Innbyggjarar - By (2001) |
49 728 |
Koordinatar | 42°39′″N, 18°04′″E |
Høgd over havet | 0 m |
Diverse annan informasjon | |
Heimeside: www.dubrovnik.hr |
Dubrovnik (tidlegare kalla Ragusa) er ein gamal by på kysten av Adriatarhavet i Dalmatia i Kroatia. Han vart grunnlagd i 639, og trekk i dag til seg mykje turisme. Byen vert ofte kalla Adriatarhavets perle. Den gamle delen av byen er ført opp på UNESCO si verdsarvliste.
[endre] Historie
Byen vart grunnlagd av folk som flykta fra avarane. Etter at avarane øydela den greske kolonien Epidauros, som ligg i Den saroniske bukta, flytta innbyggjarane seg nordover og slo seg ned i området som vart Dubrovnik. Byen vart allereie i 896 underlagt Austromarriket og vart ein svært viktig handelsby med ein flåte på over 300 fartøy.
I mellomalderen var byen ein rival til Venezia, som den eineste frie bystat i det austlege Adriatarhavet. På 1400- og 1500-talet fekk byen eit merkverdig nivå, takka vere sin velstand og diplomatiske evner.
Seinare kom byen under osmansk herredøme, og frå 1815 underlagt Keisardømet Austerrike og seinare Austerrike-Ungarn. I 1918 vart byen ein del av Kongeriket Jugoslavia då det vart oppretta.
Dubrovnik har vore sentral i utviklinga av det kroatiske språket. Han var heimstad for mange viktige poetar, forfattarar, matematikarar, fysikarar og andre forskarar.
Dubrovnik er rekna som ein av dei vakraste og best bevarte byane i Middelhavsområdet, men vart uteatt for eit kraftig bombardement under krigen i det tidligare Jugoslavia i 1991, som skada store delar av Gamlebyen, trass i at denne var heilt utan militær verdi. Gamlebyen er i ettertid rehabilitert.