Edvard Grieg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Edvard Hagerup Grieg (15. juni 1843 – 4. september 1907) var ein norsk komponist og pianist.
Edvard Grieg var fødd i Bergen, og vert rekna som den best kjente og viktigaste av alle norske komponistar. Etter oppmoding frå Ole Bull reiste han i 1858 til Leipzig for å læra pianospel og komposisjon. Vidare lærte han hjå Niels Wilhelm Gade i København i 1863. Grieg vert rekna som ein nasjonalromantisk komponist, med den norske folkemusikken som si viktigaste inspirasjonskjelde. Han vert stundom kalla «nordens Chopin», på grunn av sine mange korte pianostykke (samla i Lyriske stykker).
Mange av Grieg sine verk er vortne vidkjende; av dei kan nemnast pianokonsert i a-moll, musikken til Ibsen-stykket Peer Gynt (inkludert Morgenstemning og I Dovregubbens Hall), Holberg-suiten (opphavleg for piano, men seinare omarbeidd for strykeorkester), og pianostykket Bryllupsdag på Troldhaugen.
[endre] Peikarar ut
![]() |
Denne artikkelen om ein musikar er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over musikarspirer. |