Elias Blix
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elias Blix (24. februar 1836–17. januar 1902) var ein norsk forfattar, professor, lærar, målmann og politikar. Han vart fødd på Våg i Gildeskål i Salten i Nordland fylke Mattismessedagen 1836, og døydde i heimen sin i Kristiania (Oslo) i 1902. Han vart gravlagd på Vår Frelsers kyrkjegard.
- I 1862 var Blix med på å skipa «Den nordlandske Forening» og var den første forman i organisasjonen.
- Tok teologisk embetseksamen i 1866.
- I 1868 var han med på å skipa «Det norske Samlaget», som fekk til oppgåve å gje ut nynorske skrifter.
- Professor i teologi 1878.
- Statsråd i Kyrkjedepartementet frå 26. juni 1884 til 23. februar 1888. Som statsråd greidde han å få oppretta eit professorat i norsk folkemål ved universitetet. I 1885 gjorde Stortinget vedtak om at landsmålet skulle vera jamstilt med bokmålet, det såkalla Jamstellingsvedtaket. Som politikar representerte Blix partiet Venstre.
Blix oppdaga landsmålet då han gjekk på lærarskole i Tromsø på 1850-talet. Han tok kontakt med målrørsla då han kom til Kristiania og vart knytt til Aasmund Olavsson Vinje og vekebladet Dølen. Han vitja Gildeskål sommaren 1866 og bad om løyve til å preike i Gildeskålkyrkja, men på grunn av Blix sitt arbeid som målmann ville ikkje soknepresten gje løyve. Blix hadde nyst tatt teologisk embetseksamen. Hendinga i Gildeskål skal vere årsaka til at han ikkje blei prest og han aldri kom tilbake til Gildeskål.
Blix var med på arbeidet med å omsetje Bibelen og Luthers litle katekisme til landsmål. Elias Blix er rekna å vera ein stor salmediktar. Han har skrive meir enn 200 salmar, det var først i 1892 at det blei lov å synge salmane hans i kyrkja. I Norsk Salmebok er det teke med over 50 salmar av Blix.