Gildeskål
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
![]() |
![]() |
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1838 |
Fylke: | Nordland |
Administrasjonssenter: | Inndyr |
Flatevidd: | 664 km² |
Folketal: | 2 081 (2007) |
Målform: | bokmål |
Internettside: | www.gildeskal.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Valter Pedersen (H) 2003-2007 |
Gildeskål er ein kommune i Salten i Nordland. Han grensar mot Bodø i nord, mot Beiarn i aust og mot Meløy i sør. Gildeskål er eit gamalt gardsnamn som kan stamme frå norrønt Gildiskáli, ein stad med ei skål eller hov for gilder, eit hus kor ein har gilde.
Innhaldsliste |
[endre] Geografi
Gildeskål er ein kystkommune og består av både fastland med fjordar og ei rekke øyar og vær. Dei største øyane er Sandhornøy, Sørarnøy, Fugløy samt Fleina og Fleinvær. Kystriksvegen passerer gjennom kommunen. Vegen på Sandhornøya knytt til Kystriksvegen med ei bru. Både fastlandet, Sandhornøy og Fugløy har bratte fjell, i søraust ligg ei fjellvidde som inkluderar Sundsfjordfjellet og delar av Glomfjellet.
[endre] Næringsliv
Tradisjonelt var kommunen ein jordbruks- og fiskerikommune kor mange dreiv som fiskarbønder. I dag er turisme, private og offentlige servicetenester viktige næringsvegar. Kommuneadministrasjonen ligg på Inndyr. Forsvaret har ein lyttestasjon for marinefarty i Novika. Det er eit kvartsittbrott på Mårnes på Sandhornøya og eit vasskraftverk i Sundsfjord.
[endre] Kultur
Teologen og diktaren Elias Blix var frå Våg på Sandhornøya. Kommunen er med i Skulpturlandskap Nordland med kunstverket «Den glömda staden».
På kyrkjestaden rett ved Inndyr ligg ei steinkyrkje frå 1100-talet, Gildeskål gamle kyrkje og like ved ei trekyrkje i gotisk stil frå 1881. Den nye kyrkja ligg på ei høgd med utsyn mot fjorden og Fugløy og har 750 sitteplassar. På kyrkjeplassen finn ein òg Gildeskål bygdesamling med prestegarden. Hovudbygningen på garden er eit langhus på 33 meter.
[endre] Eksterne lenkjer
[endre] Kjelder
- Salten Museum om Gildeskål bygdesamling
- Grepstad, O. og K. M. Thorheim Fotefar mot nord Forlaget Press, 2003
|