Eliel Lagercrantz
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eliel Lagercrantz ([[]] 1894–[[]] 1973) var ein finsk fennougrist. Han skreiv magisteravhandlinga si i 1919, og doktorerte i Helsingfors i 1927. I studietida studerte han både i Hamburg, Budapest og Paris. Lagercrantz vart professor i Helsingfors i 1965. Han arbeidde også ved Universitetet i Oslo.
[endre] Forskingsområde
Lagercrantz arbeidde framfor alt med samiske språk. Han skreiv grammatikkar for tre til då lite utforska samiske språkformer: nordsamisk sjøsamiske dialektar, arjeplogsamisk (lulesamisk) og vefsnsamisk (sørsamisk). I tillegg skreiv han ei tobands ordbok med nesten 9000 ord, der kvar ordartikkel i detalj gjekk gjennom ordformene i kvar einskild samisk dialekt, frå Røros til Kolahalvøya.
Lagercrantz gav også ut tekstsamlingar over fleire samiske dialektar.
[endre] Bibliografi (utdrag)
- Lagercrantz, Eliel 1923: Sprachlehre des Südlappischen : nach der Mundart von Wefsen / Bulletin / Kristiania Etnografiske Museum ; 1. Kristiania, 1923.
- Lagercrantz, Eliel 1926: Wörterbuch des südlappischen : nach der Mundart von Wefsen. Instituttet for sammenlignende kulturforskning. Serie B, Oslo : Aschehoug, 1926.
- Lagercrantz, Eliel 1927: Strukturtypen und Gestaltwechsel im Lappischen. Mémoires de la Société Finno-ougrienne ; 57. Helsinki : Suomalais-ugrilainen seura, 1927.
- Lagercrantz, Eliel 1929: Sprachlehre des Nordlappischen : nach den seelappischen. Bulletin / Oslo etnografiske museum ; 3. Oslo
- Lagercrantz, Eliel 1939: Lappischer Wortschatz / von Eliel Lagercrantz. Lexica Societatis Fenno-Ugricae ; 6. Helsinki, 1939. 2 bind.
- Lagercrantz, Eliel 1950: Entwicklungspsychologische Analyse lappischer Folklore . FF Communications ; 138. Helsinki : Suomalainen tiedeakatemia, 1950.
- Lagercrantz, Eliel 1950: Laulava lappi : tunturinkävijän ja tutkijan elämyksiä ja mietteitä. Porvoo : Söderström, 1950.
- Lagercrantz, Eliel 1957: West- und sydlappische Texte 1. Memoires de la Societe finno-ougrienne ; 112
- Lagercrantz, Eliel 1958: Lyngenlappische, nordwestlappische und westfjordlappische Texte 2 Memoires de la Societe finno-orgrienne ; 115
- Lagercrantz, Eliel 1959: Seelappische Texte des Varangergebiets 3. Suomalais-ugrilaisen seuran toimituksia ; 117.
- Lagercrantz, Eliel 1960: Seelappische Gesangsmotive des Varangergebiets mit Noten. Suomalais-ugrilaisen seuran toimituksia ; 120
- Lagercrantz, Eliel 1961: See- und Skolte-lappische Texte des südlichen Varangergebiets 5 .Suomalais-ugrilaisen seuran toimituksia ; 124
- Lagercrantz, Eliel 1963: Texte aus den see-, nord-, west-, und südlappischen Dialekten 6. Suomalais-ugrilaisen seuran toimituksia ; 126
- Lagercrantz, Eliel 1966: Sonagraphische Untersuchung lyrischer lappischer Volkslieder Enontekiö mit Noten und Erklärungen. Suomalais-ugrilaisen seuran toimituksia ; 141
Denne artikkelen med samisk tema er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over samiske spirer. |