Static Wikipedia February 2008 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu

Web Analytics
Cookie Policy Terms and Conditions Helsingfors - Wikipedia

Helsingfors

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Helsingin kaupunki - Helsingfors stad
Våpen Lokalisering
Våpen Kart
Fakta
Stat: Finland
Län: Södra Finlands län
Landskap: Nyland
Nabokommunar: Vanda, Esbo og Sibbo
Areal (landjord): 686 km² (186 km²)
Innbyggjartal: 560 905 (1.1.2006)
Tettheit: 3016 innb./km²
Skatteprosent 2005: 17,50 %
Høgd: 17 m over havet
Postnummer: 00100 - 00990
Retningsnummer: 09 (+358-9)
Koordinatar: 60° 10' N. Br.
24° 56' E

Rådhusets adresse:
Norra Esplanaden 11-13
00099 Helsingfors stad
Heimeside: www.hel.fi
Politikk
Ordførar: Jussi Pajunen (overborgarmeister = rådmann)
Rakel Hiltunen (kommunestyre)

Helsingfors (finsk Helsinki, nordsamisk Helsset) er hovudstad i Finland. Den ligg i Södra Finlands län ved Finskebukta. Helsingfors har omtrent 560 000 innbyggjarar. Helsingfors er ein del av Helsingforsregionen, der det bur tilsaman ca. ein million menneske.

Sentrum i Helsingfors fungerer som sentrum for både staten og hovudstadsregionen. Nabobyane Esbo og Vanda har ikkje eigentleg eigne sentra, busetnaden grupperer seg rundt sentrum av Helsingfors, ikkje rundt Esbo sentrum eller Vandas administrative sentrum Dickursby. Rundt Helsingfors er det fleire drabantbysentra, viktige er Östra Centrum, Malm i Helsingfors, og Hagalund, Alberga, Esbo centrum, Mattby-Olars i Esbo, og Dickursby og Myrbacka i Vanda.

Innhaldsliste

[endre] Geografi

Helsingfors ligg på 60°10'24" nord og 24°56'55" aust (60.173333, 24.948667). Flateinnnhald er 686 km², av det er 186 km² land og dei resterande 500 km² vatn. Helsingfor har over 300 øyer. Helsingfors har 3800 hektar skog og 1800 hektar park. Parkane varierer frå klassisistisk utforma byparkar til den 10 km² store Centralparken, som strekker seg frå sentrum og blir breiare lenger nord. Det er 38 naturvernområde i Helsingfors, på til saman 420 hektar.

[endre] Historie

[endre] Svensketida

Dagens Helsingfors var frå og med mellomalderen befolka av svenskspråklege bøndar. Byen vart grunnlagt av Sveriges konge Gustav Vasa 12. juni 1550, primært som motvekt til hansabyen Tallinn på sørsida av Finskebukta. Byborgarar fekk kongen til byen med å beordre borgarar frå Borgå, Ekenäs, Raumo og Björneborg. Veksten var likevel sein, det var ikkje så lett å endre busetnad og handel på ordre.

Sverige erobra den nordlege delen av Estland i 1561, og som resultat av dette vart Helsingfors mindre viktig. På grunn av krigane i Austersjøområdet vart Helsingfors likevel eit militært sentrum, som vinteropplag for flåten og lasteplass for hæren.

Opprinneleg vart Helsingfors grunnlagt ved munninga av Vanda å, attmed dagens Arabiastrand. Det vart likevel snart klart av plasseringa ikkje var så god, særleg fordi Vanda å var for grunn. Generalguvernør Per Brahe bestemte i 1640 å flytte byen eit par kilometer sørover, til det som i dag er Kronohagen.

Russlands orientering vestover, og grunnleggjinga av St. Petersburg i 1703 fekk stor verknad for Helsingfors. Under Den store nordiske krigen okkuperte russiske soldatar Helsingfors, i åra 17131721.

Utviklinga gjekk seint i åra etter krigen. Sverige mista Fredrikshavns festning til Russland i Den vesle nordiske krigen 17411743, og utanfor Helsingfors tok in dermed til og bygge eit nytt festningsverk, Sveaborg. Arkitekt bak var Augustin Ehrensvärd. Festningsarbeidet førte til at byen veks, og det vart grunnlagt teglsteinsverk og herregardar.

På grunn av striden mellom Napoleon og Aleksander I vart Sverige med i krigen mot Russland i 1808. I krigen som følgde 18081809 okkuperte russarane Helsingfors, i 1808. I beleiringa av Sveaborg braut det ut brann i byen, så nesten heile Helsingfors strauk med.

[endre] Storfyrstedømmetida

Storkyrkan
Storkyrkan

Hovudstaden vart flytta frå Åbo til Helsingfors i 1812, etter at Finland hadde vorte ein del av Russland. Samtidig vart arkitekt Carl Engel vald ut til å planleggje Helsingfors sentrum etter modell frå St. Petersburg. Byggnadsarbeida vart leia av Johan Albrecht Ehrenström. Mange av dei nyklassisistise bygningar, særleg rundt Senatstorget og Helsingfors Domkyrka er teikna av Engel. Dei mange jugend-husa i sentrum er likevel frå tiåra rundt 1900.

I 1827, etter at Åbo brann, vart universitetet flytta frå Åbo til Helsingfors. Dermed var heile statsadministrasjonen samla i Helsingfors, og det vart no den reelle hovudstaden i Finland. Jarnvegssamband vart bygd til Tavastehus i 1862 og til St. Petersburg i 1870. I starten av 1900-talet steig innbyggjartalet til over 100 000.

Kart over Helsingfors 1909
Kart over Helsingfors 1909

[endre] Sjølvstendetida

Helsingfors vart det sjølvstendige Finlands hovudstad då Finland erklærte seg sjølvstendig, 6. desember 1917. Den finske borgarkrigen starta allereie månaden etter, den 27. januar 1918, då det vart tent ei raud lykt i Folkets hus i Hagnäs som teikn på at revolusjonen hadde starta. Dei raude tok makta i byen, og senatet, eller regjeringa, måtte evakuere til Vasa. Styrkane til den tyske generalen Rüdiger von der Goltz okkuperte Helsingfors 14. april og Finlands kvite arme under leiing av marsalk Mannerheim marsjerte inn i Helsingfors 16. mai. Etter borgarkrigen fungerte Sveaborg som fangeleir for dei raude.

Under Andre verdskrigen vart Helsingfors bomba ved fleire høve, dei største øydeleggjingane kom under dei såkalla storbombingane i 1944, under Fortsetjingskrigen, men samanlikna med kva andre byar gjekk gjennom. Helsingfors, London og Moskva var dei einaste hovudstadene av dei europeiske krigførande landa som ikkje vart okkupert.

Helsingfors vart tildelt sommarolympiaden i 1940, men dei vart avlyst på grunn av andre verdskrigen. På grunn av den planlagte olympiaden vart det bygd mykje funkisarkitektur, t.d. Olympiastadion, Tennispalatset og Glaspalatset. I 1952 fekk Helsingfors endeleg arrangere sommarolympiade, same året som Oslo arrangerte vinterolympiade.

Olympiastadion, teikna av arkitektane Yrjö Lindegren og Toivo Jäntti
Olympiastadion, teikna av arkitektane Yrjö Lindegren og Toivo Jäntti


Sentraliseringa på 1960-talet dobla innbyggjartalet i Helsingfors i løpet av ein 20-års-periode. På 1980-talet stagnerte veksten, men frå 1990-talet var det vekst til innpå 2000-talet. Grunnen til stagnasjonen i dag er sannsynlegvis dei høge bustadsprisane, som for barnefamiliane til å flytte til Helsingfors sine nabokommunar.

Det bur over 40 000 innvandrarar i Helsingfors, noko som gjer at hovudstaden skil seg markant frå resten av Finland, som har ein svært låg prosent av innvandrarar.

[endre] Folketalsutvikling

År Innbyggjartal År Innbyggjartal
1810 4 070 1950 368 519
1830 11 100 1970 523 677
1850 20 700 1980 483 675
1880 43 300 1990 490 691
1900 93 600 2000 551 123
1925 209 800 2003 559 716

[endre] Offentlege tenester

[endre] Utdanning

Det er sju vitskaplege høgskolar i Helsingfors: Helsingfors universitet, Helsingin kauppakorkeakoulu (Handelshögskolan i Helsingfors, Kuvataideakatemia (Biletkunstakademiet), Sibeliusakademiet, Svenska handelshögskolan, Taideteollinen korkeakoulu (Kunstindustrihøgskolen) og Teatterikorkeakoulu (Teaterhøgskolen). I Helsingfors ligg også Maanpuolustuskorkeakoulu (Forsvarshøgskolen), som ligg under forsvarsdepartementet, som også delar ut doktorgradar, og som dermed blir rekna som universitet.

I tillegg finst det fire yrkeshøgskolar, som Stadia og Helia. I ulike yrkeshøgskolar går det til saman over 10 000 studentar, fordelt på over 30 ulike grunnutdanningar. Generell vaksenopplæring blir gjeve på vaksengymnas og på Medborgarinstitutet og Arbetarinstitutet, institusjonar som tilsvarer dei norske Friundervisninga og AOF.

Det er 189 grunnskoler og vidaregåande skolar, med til saman 70 000 elevar, av dei er det 30 svenskspårklege skolar. I tillegg finst det engelsk- tysk- fransk- og russiskspråklege skolar. Morsmålsundervisning blir gjeve på 40 ulike språk.

[endre] Kollektivtransport

Trikk i Helsingfors
Trikk i Helsingfors

I Helsingfors arrangerer Helsingfors Stads Trafikverk ein ypperleg kollektivtransport, med bussar, trikkar, metro (tunnelbane) og tog. Kvart år blir det gjort 210 millionar reisar, av dei omtrent under halvparten med buss, over fjerdeparten med trikk, og over fjerdeparten med tunnelbane. [1]

Flytrafikk går via Helsingforsk-Vanda flygplats og Malms flygplats, den siste tidlegare hovudflyplass, no flyplass for privatfly.

Helsingfors hamn er ei populær hamn for cruiseskip. I løpet av sommaren kjem ca. 200 cruiseskip med omtrent 150 000 passasjerar, hamna inneheld omtrent 9000 båtplassar. Det går rutebotar til øyene rundt Helsingfors, og Viking Line, Silja Line, Tallink og andre rederi har rutetrefikk til Tallin, Stockholm og Tyskland.

Byen prøver å redusere biltrafikken med å arrangere kollektivtransport på høgt nivå, og med å regulere talet på parkeringsplassar. Vegnettet i Helsingfors er arrangert som ei vifte, der fem store vegar strålar ut frå sentrum (Västerleden, Tavastehusleden, Tusbyleden, Lahtisleden og Österleden), og med to store ringvegar, Ring I (10 km frå sentrum) og Ring III (20-30 km frå sentrum) i halvring rundt sentrum. Det er 336 bilar per 1000 innbyggjarar i Helsingfors.

[endre] Stader å sjå

Det er mykje forvitneleg å sjå i Helsingfors. Her er noko av det:

  • Högholmens zoologiske hage.
  • Borgbacken tivoli.
  • Fölisön, folkemuseum.
  • Sveaborg festning.
  • Helsingfors domkyrka, og Senatstorget.
  • Uspenskij-katedralen
  • Kiasma, museet for moderne kunst, opna i 1999.
  • Nationalmuseet.

[endre] Kulturliv

[endre] Arrangement

[endre] Kulturarrangement

Den kanskje mest kjende kulturhendinga er festveka, Helsingfors Festspel, som varer i fleire veker, og inneheld musikk, teater, kunst og ulike forestillinar rundt i byen. Den mest populære einskildhendinga er Konstens natt, som omformar heile sentrum til ein einaste stor orkesterscene, restaurant, bokhandel og kunstgalleri, for barn og vaksne, ei natt i nestsiste veka i august. I 2004 var det ca. 245 000 som deltok i festspela.

Meir informasjon om kulturlivet i Helsingfors er på Helsingfors stads kulturcentral, som administrerer kultursentraa i Helsingfors.

[endre] Idrettsarrangement

Det største arrangementet er Helsinki City Marathon, som blir arrangert kvart år i august. City Marathon-løypa følgjer strandlina i sentrum, er Finlands største løpsarrangement, og samlar kvart år ca. 6000 deltakarar.

Eit anna viktig arrangement er Naisten Kymppi, som er eit løpsarrangement berre for kvinner.

Helsingfors arrangerte VM i friidrett i 2005.

[endre] Lag og foreiningar

  • Jokerit
  • HIFK
  • HJK

[endre] Kjende personar frå Helsingfors

  • Ragnar Granit – nobelprisvinnar
  • Tarja Halonen – Finlands president
  • Tove Jansson – forfattar og Mummitroll-skapar
  • Adolf Erik Nordenskiöld – vitskapsmann og oppdagar
  • Esa-Pekka Salonen – orkesterleiar
  • Helene Schjerfbeck – kunstnar
  • Linus Torvalds – dataprogrammerar og opphavsmannen til Linux
  • Ville Valo – musikar
  • Mika Waltari – forfattar
  • Artturi Ilmari Virtanen – nobelprisvinnar
  • Lill Lindfors - songar
  • Eirik Hornborg - historikar

[endre] Statistikk

I 2006 (1.1. 2006) var (av eit folketal på 560 905) det 6,2 % (34 774) svenskspråklege og 5,5 % (30 770) utanlandske statsborgarar. Kvinnedelen er større i Helsingfors (53,4 %) enn i resten av Finland (51,1 %).[2] og [3]

Gjennomsnitttemperatur (1971-2000) +5,6 °C
Varmaste månad juli, gjennomsnittstemperatur (1971-2000) +17,2 °C
Kaldaste månad februar, gjennomsnittstemperatur (1971-2000) -4,9 °C [4]

[endre] Eksterne lenkjer

Commons har multimedia som gjeld: Helsingfors
Static Wikipedia 2008 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -

Static Wikipedia 2007 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -

Static Wikipedia 2006 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu