Enklave og eksklave
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I politisk geografi er ein enklave eit landstykke som er fullstendig omringa av eit utanlandsk område og ein eksklave er eit landstykke som tilhøyrer eit politisk område, men ikkje heng saman med det. Mange einingar er både enklavar og eksklavar, men dei to er ikkje synonym.
Dei to orda sine betydninger er like, men ein eksklave er ikkje alltid ein enklave. Kaliningrad er ein russisk eksklave, men grensar både til Litauen og Polen, samt at han grensar til Austersjøen. Llívia, derimot, er ein spansk enklave i Frankrike.