Litauen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Vienybė težydi (Lét sambandet bløma) | |||||
Offisielle språk | Litauisk | ||||
Hovudstad | Vilnius | ||||
Styresett |
Parlamentarisk republikk Valdas Adamkus Gediminas Kirkilas |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
65 200 km² (123.) 4 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
3 596 617 (125.) — 55/km² (116.) |
||||
Sjølvstende - Erklært - Anerkjent - Tapt Sjølvstende - Erklært - Anerkjent |
Frå Russland 16. februar 1918 12. juli 1920 1940 Frå Sovjetunionen 11. mars 1990 6. september 1991 |
||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
49 106 mill. USD (75.) 14 198 USD (47.) |
||||
Valuta | Litas | ||||
Tidssone | UTC +2 | ||||
Nasjonalsong | Tautiška giesme | ||||
Nasjonaldag | 16. februar | ||||
Internasjonal telefonkode | +370 | ||||
Nasjonale toppdomene | .lt | ||||
Republikken Litauen (litauisk Lietuvos Respublika, kortnamn Lietuva) er ein stat som ligg ved Austersjøen nordaust i Europa.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Litauen er kjend frå 1009. Storfyrstedømet Litauen var eit av dei største landa i Europa på 1400-talet. Frå 1795 til 1918 var Litauen underlagt Russland. Under den fyrste verdskrigen kom området under tysk kontroll, og under tysk innflytelse erklærte den 11. desember 1917 Kongedømmet Litauen seg uavhengig av Russland med hertug Wilhelm av Urach, greve av Württemberg, som konge under navnet Mindaugas II av Litauen. Litauen vart erklært som eit sjølvstendig land 16. februar 1918. Landet endra forfatning til republikk den 2. november same året. 15. juni 1940 vart landet okkupert av Sovjetunionen. Denne ulovlege okkupasjonen varte til august 1991.
[endre] Politikk
Lovgjevende forsamling: Seimas.
Styreform: Parlamentarisk republikk.
Litauen har ei einkamera nasjonalforsamling (Seimas) med 141 representantar som blir valt for periodar på fire år. Presidenten blir valt av i direkte val for perioder på fem år. Presidenten utnemner Statsministeren som utpeiker regjeringa si som må godkjennast av nasjonalforsamlinga. Presidenten har hovudansvaret for Litauens utenrikspolitikk.
Heilt sidan uavhengigheita frå Sovjetunionen i 1991 har medlemskap i internasjonale fora stått fremst i både innenriks- og utenrikspolitikken. Litauen har vorte medlem av mellom anna Dei sameinte nasjonane (SN), Den nordatlantiske forsvarsalliansen (NATO) og Den europeiske unionen (EU - frå 1.5.04). Litauen deltar også i Det baltiske råd og Austersjørådet.
[endre] Geografi
Landet er nokså flatt og består av elvedelta og morenelandskap. I sør er det store furuskogar. Det høgaste området som ligg like søraust for hovudstaden Vilnius strekkjer seg nesten opp i 300 meter over havet.
Litauen grensar til følgjande land:
- Latvia (landgrense: 610 km)
- Kviterussland (landgrense: 724 km)
- Polen (landgrense: 110 km)
- Russland (Kaliningrad fylke) (landgrense: 303 km)
Sjøgrense i Austersjøen: 99 km.
Største øyer: -. (Litauen har ingen øyer utanfor kysten.)
Lengste elv: Nemunas 937 km, der 475 km er i Litauen.
Største innsjø: Druksciai 44,79 km².
Inn- og utmark utgjer 57 %, skog og kratt: 30 %, myr: 3 %, innlandsvatn: 4 %, anna: 6 %.
Største avstander: Frå aust til vest: 373 km, frå nord til sør: 276 km.
[endre] Største byar
Tal frå 1. januar 2004
- Vilnius: 541 082
- Kaunas: 368 913
- Klaipeda: 190187
- Siauliai: 131 181
- Panevezys: 117 593
- Alytus: 70 717
- Marijampole: 70 305
- Mazeikiai: 66 773
- Kedainiai: 65 049
- Telsiai: 56 735
[endre] Fylke
Litauen er inndelt i 10 fylke (lit. «apskritys») og 60 kommunar. Innbyggjartal i fylkene frå 1. januar 2004:
- Alytus fylke: 184 807
- Kaunas fylke: 691 445
- Klaipeda fylke: 383 250
- Marijampole fylke: 186 736
- Panevezys fylke: 295 161
- Siauliai fylke: 364 076
- Taurage fylke: 132 729
- Telsiai fylke: 178 141
- Utena fylke: 181 113
- Vilnius fylke: 848 399
[endre] Litauen på tvers
Litauen består av følgjande landskap:
- Låglandet ved kysten,
- Høglandet i Samogitia,
- Låglandet ved Venta i innlandet,
- Høglandet i Suduva,
- Høglandet i Dzukia,
- Høglandet i Auksjtaitia,
- Slettene i søraust,
- Høglandet på strekningen Švencionys-Narocius og Ašmena.
[endre] Klima
Det meste av Litauen ligg berre eit par timars køyretur frå Austersjøen og har eit temperert og maritimt klima. Dei indre områda av landet, inkludert turistområda Vilnius og Trakai, har derimot større temperaturskilnadar mellom sommar og vinter. Vinteren er kald over heile landet, men kystområda er ein god del mildare enn resten av landet, og kan ha periodar med plussgrader. Sørvestlege delar av kysten er opp til 2ºC varmare enn innlandet om vinteren. Ein har snøfall med jamne mellomrom, og på kysten av og til regn. Somrane er milde, og innnimellom kan ein få nokså varme dagar i juli og august. Sommaren og våren er som regel den våtaste tida på året, sjølv om det ikkje kjem dei store mengdene. Vilnius har ein årleg nedbørsnormal på 662 mm.
[endre] Demografi
Litauarane har assimilert opp i seg ei rekke tidlegare baltiske folkegrupper som til dømes jotvingerane, gammelprøysserane og selerane. Av folkesetnaden idag er 82% litauarar, 8% russere og 6% polakkar. Under den sovjetiske okkupasjonen vart det ført ein aktiv russisk koloniseringspolitikk mot dei baltiske landa. 68,5% av alle innbyggjarar bor i byar.
Landet har ingen statskyrkje, men den Den romersk-katolske kyrkja har mest oppslutnad.
[endre] Endringar i folketalet i perioda 1994-2005
Folketalet i Litauen har gått ned med over 200 000 dei siste ti åra. Ein rekner med at 13% av dei yrkesaktive i landet har emigrert, fyrst og fremst for å skaffe seg betre betalte jobbar. Denne tendensen har auka kraftig i samband med EU-medlemskapet. Mange jobbar er nå ledige på grunn av utvandringa. Tabellen under viser utviklinga av folketalet ved byrjinga av kvart år i antal tusen.
1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 | 2000 | 2001 | 2002 | 2003 | 2004 | 2005 |
3671,3 | 3643,0 | 3615,2 | 3588,0 | 3562,3 | 3536,4 | 3512,1 | 3487,0 | 3475,6 | 3462,5 | 3445,8 | 3425,5 |
[endre] På verdsveven
Den europeiske unionen (EU) og EØS-området: Austerrike | Belgia | Bulgaria | Danmark | Estland | Finland | Frankrike | Hellas | Irland | Italia | Republikken Kypros | Latvia | Liechtenstein | Litauen | Luxembourg | Malta | Nederland | Polen | Portugal | Romania | Slovakia | Slovenia | Spania | Tsjekkia | Tyskland | Storbritannia | Sverige | Ungarn |
Berre EØS: Island | Liechtenstein | Noreg |
Den nordatlantiske traktat-organisasjonen (NATO) | |
---|---|
Belgia | Bulgaria | Canada | Danmark | Estland | Frankrike | Hellas | Island | Italia | Latvia | Litauen | Luxembourg | Nederland | Noreg | Polen | Portugal | Romania | Slovakia | Slovenia | Spania | Storbritannia | Tsjekkia | Tyrkia | Tyskland | Ungarn | USA |