Finn E. Kydland
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|
|
|
|
|
2006: Phelps |
2005: Aumann, Schelling |
2004: Kydland, Prescott |
2003: Engle, Granger |
2002: Kahneman, Smith |
2001: Akerlof, Spence, Stiglitz |
2000: Heckman, Mcfadden |
1999: Mundell |
1998: Sen |
1997: Merton, Scholes |
1996: Mirrlees, Vickrey |
1995: Lucas |
1994: Selten, Nash, Harsanyi |
1993: Fogel, North |
1992: Becker |
1991: Coase |
1990: Markowitz, Miller, Sharpe |
1989: Haavelmo |
1988: Allais |
1987: Solow |
1986: Buchanan |
1985: Modigliani |
1984: Stone |
1983: Debreu |
1982: Stigler |
1981: Tobin |
1980: Klein |
1979: Schultz, Lewis |
1978: Simon |
1977: Ohlin, Meade |
1976: Friedman |
1975: Kantorovich, Koopmans |
1974: Myrdal, Hayek |
1973: Leontief |
1972: Hicks, Arrow |
1971: Kuznetz |
1970: Samuelson |
1969: Frisch, Tinbergen |
Finn Erling Kydland (f. 1943) er ein norsk økonom og nobelprisvinnar busett i USA. Hovudområda hans er makroøkonomi og politisk økonomi.
Innhaldsliste |
[endre] Nobelprisarbeidet
Kydland vart tildelt Nobelprisen i økonomi for 2004 saman med Edward C. Prescott. Det han og Prescott samarbeida om var å laga ein økonomisk modell for makroteorien med utgangspunkt i mikroteori. Medan makroteori handlar om samfunnet generelt, det vil seie utvikling av inflasjon eller brutto nasjonalprodukt, handlar mikroteori om korleis enkeltpersonar og verksemder ter seg.
Modellen deira løyste problem frå 70-talet med høg inflasjon og høg arbeidsløyse som dei eldre økonomiske modellane til John Maynard Keynes ikkje kunne hanskast med. Den nye modellen gjekk ut på å binda økonomipolitikken slik at alle visste kva som kom til å skje seinare.
[endre] Personleg
Kydland kjem opphavleg frå Gjesdal. Han skal ha fått interessa for økonomi då han byrja å føra rekenskapa for ein venn som alte opp mink. Han studerte seinare faget ved NHH og tok doktorgrada ved Carnegie Mellon University i Pittsburgh der han òg er professor. Han har den same stillinga ved University of California.
I tillegg til den djupe interessa si for økonomien liker Kydland òg bluesmusikk. Han er ein ihuga idrettsmann som har sprunge maratonløp fire gonger, og både speler og ser fotball.