Fjellrype
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fjellrype |
||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
![]() |
||||||||||||||
Systematikk | ||||||||||||||
|
Fjellrype (Lagopus muta eller mutus) er ein fugl i skogshønsfamilien. Fjellrype vert ogso kalla for skarv, fjellskarv eller skarvrype.
Innhaldsliste |
[endre] Kjenneteikn
Høne og stegg (hannfuglen) er omlag jamnstore. Vaksne fuglar veg 400-500 gram og har lengde på 35cm. Dei har gråspragla fjørdrakt. Halefjøra er svarte, men dekkfjøra over desse har samme vernefarge som ryggen. Vingene, buken og føtene er kvite. Om vinteren har fuglen kvit drakt, men halefjøra og nebbet er fortsatt svarte. Steggen har ei markert svart stripe mydlo auga og nebbrota. Dette kjenneteiknet har hann ogso i vinterdrakta.
[endre] Forplanting
Fjellrypa er monogam. Høna legg 7-11 egg i ein senking i bakken og det tar 20-21 dagar å ruge dei ut. Klekkinga skjer i slutten av juni til tidleg i juli.
[endre] Forvekslingsart
Fjellrype kan lett forveksles med lirype. En skil de på at fjellrype har en lysgrå farge om høsten. Om vinteren er det vanskeligere.
[endre] Atferd
Rypene held seg i kull om hausten. Utover seinhausten og vinteren går dei i større flokkar når veret tillet det.
[endre] Utbreiing
Fjellrypa er vanleg i heile Noreg. I hekketida og fram til vinteren held han seg i steinurer og ved grassletter over vierbeltet. I vinterhalvåret søker han ofte lågare i terrenget, og i uversperiodar heilt ned i bjørkeskogen. På linje med lirype er han eit ynda jaktobjekt.
[endre] Bakgrunnsstoff
![]() |
Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over biologispirer. |