Forbundsdagen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Forbundsdagen (tysk: Bundestag) er parlamentet i Tyskland.
Den fyrste forbundsdagen var forbundsdagen for Det nordtyske forbundet. Mellom 1871 og 1933 vart det tyske parlamentet kalla Riksdagen (Reichstag). Det (vest-)tyske parlamentet vart kalla forbundsdag att i 1949 med førebels sete i Bonn. Sidan 1998 har setet til det tyske parlamentet igjen vore i Berlin, i den gamle riksdagsbygningen ved Brandenburger Tor.
Eit val til til forbundsdagen vert kalla forbundsdagsval (Bundestagswahl). Sist val til forbundsdagen var forbundsdagsvalet 2005.
[endre] Lenkjer ut
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |