Gendarmeri
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gendarmeri eller paramilitærpoliti er politi som er organisert som ei militær eining. Organisasjonen kan anten vere ein militær styrke med politioppgåver eller eit korps av sivile med militær trening og struktur.
[endre] Dømer på gendarmerier
- Royal Canadian Mounted Police – ein etat i det canadiske tryggings- og bereiskapsdepartementet.
- Arma dei Carabinieri – ei forsvarsgrein i det italienske forsvarsdepartementet.
- Guarda Nacional Republicana i Portugal.
- Österreichische Bundesgendarmerie i Austerrike.
- Gendarmerie nationale – ein etat i det franske forsvarsdepartementet.
- Koninklijke Marechaussee – ei forsvarsgrein i det nederlandske forsvarsdepartementet.